Monday, February 11, 2013

Takk for laget!

Eg har ei tid annonsert at no er denne bloggen snart kommen til siste side. Denne gongen er det alvor, og eg vil takka alle som har fylgt og kommentert mine aldeles spredte tankar! Eg er kommen til ein ny fase i livet og dermed blir det naturleg å avslutta her. Men kven veit, kanskje vi møtest til eit nytt bloggliv om ikkje så altfor lenge? Til dess:
TAKK FOR MEG!

Wednesday, January 23, 2013

Historien om tre brødre og eitt piano/The story of three brothers and one piano

1981
 
For meir enn tredve år sidan gjekk ein liten storebror rundt og ynskte seg så fælt å ha noko å spela på. Rett spelte han mykje kassettar, både som han sjølv song inn og der andre spelte eller song, men det var ikkje slik han ville ha det.....Foreldrene tok sine slunkne lommebøker ned til den store Skien by og, under over under, vi kunne sjå oss råd til eit lite elektrikt orgel. Og gleda var stor mot jul i 1981 då vidunderet kunne takast i bruk. Det var endå på den tida at det var viktig at små gutar fekk raude bukser til jul. Den største og den minste var i alle fall fornøgde. Men fort blei det avdekka at det var ikkje berre å setja inn ein kontakt og så blei det musikk dersom ein trykte ned ein eller to tangentar. 
 Dvs. minstemann syns det var godt nok så lenge det varte.
1982
Og han har notar!
Men storebroren hadde bruk for ein spelelærar, og jammen fekk han både det og ein medelev. Unge Ådne fanst i nabolaget, og Morten i nabohuset. Etterkvart blei det huskonsert med gjester, men ikkje før me hadde fått eit skikkeleg piano. Læraren sa ikkje stort, men vi syns nok vi merka at han ikkje syns så godt om det vesle orgelet. Lukka stod oss bi også denne gongen. Åse skulle ut til Afrika som  misjonær saman med familien sin, og ho syns det var upraktisk å ta pianoet sitt med. Om me kunne passa på det ein fire års tid? Det kunne me absolutt, og då dei kom heim igjen, arva dei eit hus med eit mykje betre piano i, og så fekk me kjøpa det gamle. Og seinare har pianoet gjort teneste i meir enn 25 år. Mest av den eldste og den yngste, men då Inge var konfirmant stilte jammen alle tre gutane opp til ein liten konsert med klarinett, kornett og piano. Elles var det dei vanlege ettermiddagane oftast litt pianomusikk etter middag, før leksetid eller før sengetid. Dei siste åra som berre Per Helge var heime fekk me be om ein melodi før han gjekk til sengs, og då blei det oftast "Om kvelden når det mørkner og alle går til ro".  Etterkvart kom åra då berre pianoet og ikkje gutane blei med på flyttelass både hit og dit. Litt blei det spela på i feriane, men mest blei det i jula når mange var samla. Og etterkvart var det neste generasjon som ville prøva å laga lyd.

Jula 2006 med Marte
Jula 2008 med David og Isak
Jula 2010 med Emilie
Dei fedrene som spela sjølv skaffa seg etterkvart eigne hus med eigne piano. Og her har dei skaffa seg eigne solistar, gitaristar og trommeslagarar. Andre spelar fotball og volleyball, samt Ticket to Ride og dataspel.
Her hos oss spelar me ikkje så mykje, og i alle fall ikkje piano. Så etter 30 år i trufast teneste blei det med oss over fjellet, men ikkje inn i huset! Det måtte mellomlanda i garasjen, mens det venta på ein god og ny og vennleg heim. Det blei ikkje lett, men etter veker i regn og frost blei det framstøt som gratistilbud på Finn.Fleire  var interesserte og tilslutt blei det henta av store og veldig sterke menn. Så no håper me det har fått eit nytt liv hos nokon som er blitt glad for det. Takk for all glede!

Monday, December 17, 2012

Merry Christmas to relatives and friends abroad

Dear friends,
I had a plan, this year as last year and several years before, to write a Christmas letter to you in November, but for unknown reasons, I never manage to do so.This year I will try to reach you in a different way.
I retired a few months ago, and moved with my husband across the country from eastern Norway to the western part, to Bømlo, the island and even to the house where I grew up. My father died last year, and he had not been able to take care of his house for several years, so it needed a lot of love and care!
We were happy to live in Asker near Oslo, but our three sons had all of them moved westwards, and as we grow older, we would like to be able to visit them and our  grandchildren  more often. Now we live more close to them, and we will closer when we in a few years move to an appartment in Stavanger and leave this as a house for vacations (or what it may be called when we are retired!)
To all Oselands abroad, we kept our small cottage in Telemark.From there we can, amongst other things, see the Aasland part of the  family.
By now we live next to old friends, some cousins and my uncle Hans who had his 94th birthday this month. He is not old! On his birthday he bought a splendid new car! The salesman came to his house with the car, roses, birthday cake and some other small presents. The salesman wanted to bring in a TV camera man, but my uncle did not want that. He has no children of his own, but this year as earlier, he invited his nephews and nieces to a big birthday party. To you Caltvedts "over there" he is a cousin of your mother, Bernice, 99 in August. There has been a lot of longliving persons in this family!
Some of our children and grandchildren will come here during the Christmas holidays, but this summer we were all together for a week in Denmark. A photographer came to take pictures. We think we have a nice family!

We want to wish all of you
A Merry Christmas and a Happy new year!

If any of you want to write to us, our new address is
Hollundsvegen 15
5427 Urangsvåg
N-Norway

Tuesday, October 30, 2012

Kjære Asker-venner!

For ein månad sidan bar vi ut pianoet frå Gamle Drammensvei og kjørte ut av Asker, men eg kan ikkje hugsa om vi såg oss attende. Vi såg oss derimot omkring då vi seint på kvelden manøvrerte fullpakka bil og tilhengjar gjennom sentrum etterat vi hadde sendt flyttebilen føre oss vestover. Vi tok Asker-kvelden inn mens vi passerte naboar og Rimi-butikk, såg mot kyrkja og Askertun, og vi tenkte at her blir det mykje å sakna. Hengde oss opp i det Erling sa om lov til å sakne, men ikkje angre. Og ja, vi saknar dykk! Saknar Fredagsforum og Y's-Men, diakoniutval, bibelgruppe og novembermarked, men ikkje minst dei vanlege gudstenestene! Samt mange hyggelege kaffistunder rundt omkring! Det er ikkje sant at Askerfolk (i alle fall ikkje dei vi har møtt) har nok med seg sjølv. Vi har opplevd mange opne dørar! Vi saknar også turane rundt Semsvatnet,inn til Gupu og opp på Vardåsen, samt kaffi- og badeturar til Vollen.
Korleis kan ein så frivillig få seg til å forlata alt dette? Og er det no veldig  synd på oss?
Om det var "lurt"  å bryta opp enno ein gong i vår alder, det får vi aldri vita. Men vi tar med takk imot dei dagane vi har fått her vest til no. Hittil berre fem veker, og av dei har vi vore bortreist 14 dagar.
Men til no har dei positive overraskelsane vore flest: Langt mindre regn enn frykta og langt fleire flotte solnedgangar og haustfargar, fargerike kveldshimlar og blikkstille vatn. Og langt fleire smilande fjes som viste seg å vera gamle kjente som ynskte oss velkommen! Nær og fjern - og endå litt fjernare - slekt har meldt seg. Frukttre, bærbuskar og rosetre er planta og vi har starta på innvendig renovering av huset. Kaotisk, men ein liten Asker/Sunne-engel er på plass i vinduskarmen og minner oss om dykk og om Sidsel.
"Fredagsforum" har dukka opp i form av eit fredagsfellesskap tilknytta KFUK/M-folk på vår alder. Kjempefint! Og Knut har begynt i mannskoret Havdur der han har det fint.  Me kjem nok ikkje på Novembermarkedet i år, og sparer kanskje ein ytterjakke på det.....men me har vore på basar! Klart vi saknar Asker! Vi takkar for åra og fellesskapet vi fekk saman med dykk, og håper å sjå flest mulig igjen. Nærmaste flyplass her er faktisk nærmare enn han var i Asker. Dei større litt lengre unna.
 Som de ser så har huset mange rom. I alle fall, velkommen til oss!
Den gamle tørkeplassen blir omgjort til frukthage

Tuesday, October 16, 2012

Ope brev til Lasse og damene!

Kjære dykk ! Det er mandag morgon og inga vekkarklokke har ringt. Snøen som fall på Lierskogen i går skaper ingen problemer for meg og mine sommardekk. Det er enno ikkje ein månad sidan eg hadde min siste arbeidsdag, men det har skjedd så mykje at eg kan nesten ikkje hugsa korleis livet på Lier bibliotek var før eg rydda skrivebordet. Korleis har de det med utfordringane og gledene ein dag midt i oktober? Når eg tenkjer meg godt om så veit eg at de har fått utlånstala for september. Gjekk det bra? Og kva med seniorsurfen og klovnen Knut? Skulle gjerne sett dei nye møblane og lese innspelet til politkarane når det gjeld Lier bibliotek i framtida. Eg saknar pauserommet  med den forsiktige lyden av radioen hos Tone, og av telefonen som alltid ringde hos Eva når ho ikkje var der. Korleis har det gått med lønnsforhandlingane, forresten, Eva? Høyrer eg lyden av Tove i det fjerne? Ingen kan vel le så hjarteleg og ha kontoret sitt så fullt av merkelege "effektar" til stilige utstillingar som deg! Og Lasse, eg kan ikkje samanlikna deg med andre sjefar, ettersom du i praksis er den einaste sjefen eg nokongong har hatt. Så kanskje det var derfor eg ikkje alltid var så god til å innordna meg og underordna meg. Men det er jo irriterande å ha ein sjef som både har kontroll og det store overblikket, og samtidig har greie på alle detaljar anten det no er dataprogram og kaffiautomatar eller bibliotekpolitikk og bøker! Takk for at du ikkje fekk oss andre til å føla oss  (altfor) dumme, likevel! Til deg og Asbjørg: Takk for åra i LMU! Til Tove: Takk for år med arrangement-engasjement og bokprat! Håper du held koken! Tone: Takk for samarbeid med datakurs og seniorsurf! Tvi-tvi med lesehestar og bokormar! Og til Eva: Takk for meiningsutveksling om livets små og store spørsmål, og for  stort engasjement og mange posar med lesestoff til dei små! Takk til Aina for samarbeid i "bratte" år på Tranby. Du er seig! Og Irene: Eg er glad du er der for å representera Vestlandet og nynorsken! La dei no ikkje kassera den nye boka til sambygdingen min. Ho skal ha tittelen: Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar.
 Takk til alle for dei kjempefine siderglasa med epleblomst! Eg gler meg til å ta dei i bruk, men til no har mitt nye liv mykje dreid seg om å skapa orden i kaos, samt flakka omkring etter nygammalt mønster
Takk til alle for dei kjempefine siderglasa med epleblomst! Eg gler meg til å ta dei i bruk, men til no har mitt nye liv mykje dreid seg om å skapa orden i kaos, samt flakka omkring etter nygammalt mønster
 . Kaffi på ny veranda har det likevel blitt tid til. Her vest brukar vi alle solskinnsøyeblikk. Og ser de godt etter så har eg teke i bruk bibliotekkoppen. No i helga fekk vi planta frukttre og bærbuskar, rosebuskar, klematis og tulipanløkar. Kanskje blir det tid til å starta tapetseringa før vi igjen skal ut på reise. Så tida er ikkje inne til å setja seg ned og stura. Men for sikkerhets skyld har eg lånt bøker der eg har fare forbi, så no stressar eg med å finna meg til rette i MappaMi. Blir det for vanskeleg så ringer eg fagfolk!
 

Sunday, September 09, 2012

Små ting er ikkje småting

Dagane mine er så fulle av alle ting som skal pakkast ned for eit nytt liv der vest. Stolar og bord, seng og skap. Greitt nok, men det er jo faktisk dei små tinga som skaper ein heim. Dei ser ikkje så viktige ut, men ofte er det her alle minna ligg. Eg pakkar forsiktig ned gondolane frå Venezia, porselen frå Meissen,krystall frå Budapest og Praha, kamelar frå Betlehem og kakefat frå Jeriko. Dei små glasfuglane frå Malta og dei endå mindre skilpaddene frå Tyrkia. Og alle englane! Gaver vi har fått eller ting vi har arva. Ingenting av dette er "nødvendige" ting, men eg har problemer med å gi bort, kasta eller senda på loppemarked slikt som det knyter seg sterke og gode minne til. Så kom vi til bøkene og papira då. Og bildene! Har pakka kartongar nok til å fylla eit rom, men det blir mange spørsmål: Skal vi kasta alle eksamenspapir og attestar no? Ting som ungane har laga som små? Dette som var livet vårt? Som eit "Marmorkort frå ein hemlig ven" Til slutt store stablar med russekort. Mest som ungane har samla frå den eldste var i stand til å be om det (og det var tidleg!)til den minste sjølv var russ. Mange med koselege helsingar bakpå. Og så våre eigne som er frå ein annan generasjon. Til slutt kom det aller eldste fram, og det ser slik ut:
Små ting er ikkje småting. Som eg skulle sagt det sjølv. Eg strevar med nytt oppsett for bloggen, men det ser ut til at eg må venta på fredelegare dagar så eg kan få setja meg inn i det. Då er det også kanskje tid for avslutta denne bloggen. Det kan jo henda at den gjenoppstår som "Vestlandspensjonisten".

Tuesday, August 28, 2012

Takketankar

Det sat ein gammal prestemann åleine på hytta si på Sørlandet. Det var seint på sommaren og kanskje seint i livet også. Men presten brukte tida si på å fylla hytteboka med takketankar. Han var så takknemlig for det sommaren og livet hadde gitt han av gode opplevelsar med barn og barnebarn og andre menneske. Til slutt stod det med store bokstavar: SOLE DEO GLORIA!- Gud skal ha æra! Desse tankane er det eg sit med, eg også. Sommaren er slutt, og nok ein epoke av livet nærmar seg slutten. Flyttebil er bestilt, og etter meir enn 40 år på Austlandet vender me nasa mot Vestlandet. Det blir vemodig og mangt og mykje å sakna. Men det eg kjenner mest på er takknemlighet! For åra i Oslo, i Kviteseid og ikkje minst i Asker. Det var det siste eg var mest opptatt av, men så kom Telemarkskanalen på TV, og alle minnene og alle gledene frå denne delen av landet kom over meg. Gleda for at ungane våre fekk veksa opp ved vatnet og kanalen og nyta godt av badeplassar,store og små båtar, og ikkje minst Flåta. Me er heldige som har fått dela den delen av livet med mange som framdeles har ein plass i hjarta vårt. I går kom Åse og Kjell på gjennomreise. Dei fekk ein enkel middag her klokka eitt før dei begge to sovna på sofa og i stol, og vertskapet fylgde kjapt etter. Etter ei god middagskvil var me klar for kaffe og kake og mimring, bl.a. om gutane og flåten og kanalen. Me forlet alle Kviteseid, men det lever framleis i oss. Slik håper me det blir med Asker også. Ein time etterat Kvisundvennene var gått, rykka diakoniutvalget i Asker inn. Her hatt me fått mange venner dei åra me har budd her, og dei har me møtt i mange andre sammenhengar der me har fått vore med på meiningsfylt fellesskap og arbeid. Me forlet Asker, men tar mange av folka der med oss i tankar og minner. Og kvifor skulle me ikkje kunna treffa nye menneske som kan få ein plass i hjarta vårt. Eller kanskje det blir gamle venner? Når me etterkvart blir litt kjent i Siddisbyen så treffer me kanskje igjen Ivar og Berit så me kan få takka omigjen for at dei eingong i ei fortid lånte oss hytta på Sørlandet og gav oss tilgang til hytteboka.