Tuesday, August 28, 2012

Takketankar

Det sat ein gammal prestemann åleine på hytta si på Sørlandet. Det var seint på sommaren og kanskje seint i livet også. Men presten brukte tida si på å fylla hytteboka med takketankar. Han var så takknemlig for det sommaren og livet hadde gitt han av gode opplevelsar med barn og barnebarn og andre menneske. Til slutt stod det med store bokstavar: SOLE DEO GLORIA!- Gud skal ha æra! Desse tankane er det eg sit med, eg også. Sommaren er slutt, og nok ein epoke av livet nærmar seg slutten. Flyttebil er bestilt, og etter meir enn 40 år på Austlandet vender me nasa mot Vestlandet. Det blir vemodig og mangt og mykje å sakna. Men det eg kjenner mest på er takknemlighet! For åra i Oslo, i Kviteseid og ikkje minst i Asker. Det var det siste eg var mest opptatt av, men så kom Telemarkskanalen på TV, og alle minnene og alle gledene frå denne delen av landet kom over meg. Gleda for at ungane våre fekk veksa opp ved vatnet og kanalen og nyta godt av badeplassar,store og små båtar, og ikkje minst Flåta. Me er heldige som har fått dela den delen av livet med mange som framdeles har ein plass i hjarta vårt. I går kom Åse og Kjell på gjennomreise. Dei fekk ein enkel middag her klokka eitt før dei begge to sovna på sofa og i stol, og vertskapet fylgde kjapt etter. Etter ei god middagskvil var me klar for kaffe og kake og mimring, bl.a. om gutane og flåten og kanalen. Me forlet alle Kviteseid, men det lever framleis i oss. Slik håper me det blir med Asker også. Ein time etterat Kvisundvennene var gått, rykka diakoniutvalget i Asker inn. Her hatt me fått mange venner dei åra me har budd her, og dei har me møtt i mange andre sammenhengar der me har fått vore med på meiningsfylt fellesskap og arbeid. Me forlet Asker, men tar mange av folka der med oss i tankar og minner. Og kvifor skulle me ikkje kunna treffa nye menneske som kan få ein plass i hjarta vårt. Eller kanskje det blir gamle venner? Når me etterkvart blir litt kjent i Siddisbyen så treffer me kanskje igjen Ivar og Berit så me kan få takka omigjen for at dei eingong i ei fortid lånte oss hytta på Sørlandet og gav oss tilgang til hytteboka.

No comments: