Tuesday, October 16, 2012

Ope brev til Lasse og damene!

Kjære dykk ! Det er mandag morgon og inga vekkarklokke har ringt. Snøen som fall på Lierskogen i går skaper ingen problemer for meg og mine sommardekk. Det er enno ikkje ein månad sidan eg hadde min siste arbeidsdag, men det har skjedd så mykje at eg kan nesten ikkje hugsa korleis livet på Lier bibliotek var før eg rydda skrivebordet. Korleis har de det med utfordringane og gledene ein dag midt i oktober? Når eg tenkjer meg godt om så veit eg at de har fått utlånstala for september. Gjekk det bra? Og kva med seniorsurfen og klovnen Knut? Skulle gjerne sett dei nye møblane og lese innspelet til politkarane når det gjeld Lier bibliotek i framtida. Eg saknar pauserommet  med den forsiktige lyden av radioen hos Tone, og av telefonen som alltid ringde hos Eva når ho ikkje var der. Korleis har det gått med lønnsforhandlingane, forresten, Eva? Høyrer eg lyden av Tove i det fjerne? Ingen kan vel le så hjarteleg og ha kontoret sitt så fullt av merkelege "effektar" til stilige utstillingar som deg! Og Lasse, eg kan ikkje samanlikna deg med andre sjefar, ettersom du i praksis er den einaste sjefen eg nokongong har hatt. Så kanskje det var derfor eg ikkje alltid var så god til å innordna meg og underordna meg. Men det er jo irriterande å ha ein sjef som både har kontroll og det store overblikket, og samtidig har greie på alle detaljar anten det no er dataprogram og kaffiautomatar eller bibliotekpolitikk og bøker! Takk for at du ikkje fekk oss andre til å føla oss  (altfor) dumme, likevel! Til deg og Asbjørg: Takk for åra i LMU! Til Tove: Takk for år med arrangement-engasjement og bokprat! Håper du held koken! Tone: Takk for samarbeid med datakurs og seniorsurf! Tvi-tvi med lesehestar og bokormar! Og til Eva: Takk for meiningsutveksling om livets små og store spørsmål, og for  stort engasjement og mange posar med lesestoff til dei små! Takk til Aina for samarbeid i "bratte" år på Tranby. Du er seig! Og Irene: Eg er glad du er der for å representera Vestlandet og nynorsken! La dei no ikkje kassera den nye boka til sambygdingen min. Ho skal ha tittelen: Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar.
 Takk til alle for dei kjempefine siderglasa med epleblomst! Eg gler meg til å ta dei i bruk, men til no har mitt nye liv mykje dreid seg om å skapa orden i kaos, samt flakka omkring etter nygammalt mønster
Takk til alle for dei kjempefine siderglasa med epleblomst! Eg gler meg til å ta dei i bruk, men til no har mitt nye liv mykje dreid seg om å skapa orden i kaos, samt flakka omkring etter nygammalt mønster
 . Kaffi på ny veranda har det likevel blitt tid til. Her vest brukar vi alle solskinnsøyeblikk. Og ser de godt etter så har eg teke i bruk bibliotekkoppen. No i helga fekk vi planta frukttre og bærbuskar, rosebuskar, klematis og tulipanløkar. Kanskje blir det tid til å starta tapetseringa før vi igjen skal ut på reise. Så tida er ikkje inne til å setja seg ned og stura. Men for sikkerhets skyld har eg lånt bøker der eg har fare forbi, så no stressar eg med å finna meg til rette i MappaMi. Blir det for vanskeleg så ringer eg fagfolk!
 

3 comments:

Asbjørg Jonassen said...

Så hyggelig det var å lese bloggen din, Jorunn! Som sagt tidligere er du savnet ved Lier bibliotek, men det ser ikke ut til at du har det så aller verst der vest heller. Hygg deg med din nyvunne fritid, regner med du ikke kommer til å kjede deg som pensjonist!

Unknown said...

Tusen takk for hyggelig hilsen med morsomme betraktninger og gode minner! Tida flyr på denne sida av langfjella også, i dag er det allerede 4 uker siden forfatterkvelden her og din siste opptreden. Utlånstallene for september vil jeg ikke snakke om, men når nye møbler kommer og gravinga ute er ferdig skal det nok bli andre boller. Og idag hadde Irene og Tove 13 til bords på bokprat. Ønsker deg fine dager og gode stunder!

Tone said...

Hei, det var en hyggelig bloggkommentar du hadde. Gledet meg gjennom det hele. På Seniorsurfen kom det vel 5, derav inkludert journalisten fra Liernet.Og Lasse og sønnen min presenterte iphone og ipad. Temaet slo vel ikke an da... Nå tror jeg dette var siste gang, i hvert fall for en stund.

I går presenterte jeg noen av høstens bøker for Lier kommunes pensjonistforening. Det var moro, og det var jo så mange kjente også.

I dag kom mange av de nye møblene, det ble så fint! Friskt med nye og flere farger på møblene og hvite bord, både høye og lave, runde og firkantete. Et skikkelig løft! Håper du trives fortsatt!
hilsen Tone