Tuesday, October 30, 2012

Kjære Asker-venner!

For ein månad sidan bar vi ut pianoet frå Gamle Drammensvei og kjørte ut av Asker, men eg kan ikkje hugsa om vi såg oss attende. Vi såg oss derimot omkring då vi seint på kvelden manøvrerte fullpakka bil og tilhengjar gjennom sentrum etterat vi hadde sendt flyttebilen føre oss vestover. Vi tok Asker-kvelden inn mens vi passerte naboar og Rimi-butikk, såg mot kyrkja og Askertun, og vi tenkte at her blir det mykje å sakna. Hengde oss opp i det Erling sa om lov til å sakne, men ikkje angre. Og ja, vi saknar dykk! Saknar Fredagsforum og Y's-Men, diakoniutval, bibelgruppe og novembermarked, men ikkje minst dei vanlege gudstenestene! Samt mange hyggelege kaffistunder rundt omkring! Det er ikkje sant at Askerfolk (i alle fall ikkje dei vi har møtt) har nok med seg sjølv. Vi har opplevd mange opne dørar! Vi saknar også turane rundt Semsvatnet,inn til Gupu og opp på Vardåsen, samt kaffi- og badeturar til Vollen.
Korleis kan ein så frivillig få seg til å forlata alt dette? Og er det no veldig  synd på oss?
Om det var "lurt"  å bryta opp enno ein gong i vår alder, det får vi aldri vita. Men vi tar med takk imot dei dagane vi har fått her vest til no. Hittil berre fem veker, og av dei har vi vore bortreist 14 dagar.
Men til no har dei positive overraskelsane vore flest: Langt mindre regn enn frykta og langt fleire flotte solnedgangar og haustfargar, fargerike kveldshimlar og blikkstille vatn. Og langt fleire smilande fjes som viste seg å vera gamle kjente som ynskte oss velkommen! Nær og fjern - og endå litt fjernare - slekt har meldt seg. Frukttre, bærbuskar og rosetre er planta og vi har starta på innvendig renovering av huset. Kaotisk, men ein liten Asker/Sunne-engel er på plass i vinduskarmen og minner oss om dykk og om Sidsel.
"Fredagsforum" har dukka opp i form av eit fredagsfellesskap tilknytta KFUK/M-folk på vår alder. Kjempefint! Og Knut har begynt i mannskoret Havdur der han har det fint.  Me kjem nok ikkje på Novembermarkedet i år, og sparer kanskje ein ytterjakke på det.....men me har vore på basar! Klart vi saknar Asker! Vi takkar for åra og fellesskapet vi fekk saman med dykk, og håper å sjå flest mulig igjen. Nærmaste flyplass her er faktisk nærmare enn han var i Asker. Dei større litt lengre unna.
 Som de ser så har huset mange rom. I alle fall, velkommen til oss!
Den gamle tørkeplassen blir omgjort til frukthage

No comments: