Tuesday, October 04, 2011

Slovakia!

Etter å ha reist gjennom flate (og litt kjedelige) landskap gjennom så godt som heile Polen og Ukraina var det godt å komma over grensa til Slovakia og sjå fjella i bakgrunnen. Eigentleg hadde vi tenkt å kjøra frå Krakow og over Tatrafjella via Zakopane, men så blei det Ukraina i staden, og eg er glad for det. Men så godt å få kjøra frå aust til vest i timesvis med dei flotte fjella i bakgrunnen.


Eit og anna vatn og ein og annan by langs vegen. Midt på dagen kom vi fram til Martin, ein fin liten slovensk by. Eit lite universitet og ein stor koloni norske medisinstudentar!
Ein av dei var Erlend, min slektning, som har hatt barndommen sin i byen mellom sju fjell. Her likar han seg godt, også på grunn av dei langt fleire enn sju fjella som omkransar Martin. Han viste oss rundt i byen sin og hjelpte oss å finna hotellet vårt som absolutt låg utanfor allfarveg. Neste dag gjorde me som me hadde fått råd om; reiste på fabrikkutsalget til Ecco og kjøpte oss fem par sko! Men veret var fantastisk og me ville opp på eit fjell, Martinske Hole,som visstnok var ein vanleg utfartsstad. Ei god stund prøvde me oss oppover fjellsida med bilen på ein tursti. Det var mykje folk ute og gjekk, og til slutt fekk me då vita at Nein Auto! Peike og forklare, og rett før me gav opp, fann me rette vegen. Berre for å bli møtt av eit skilt
som såg slik ut.Men kva betyr no det? Er det forbudt eller er det ikkje forbudt?Etter å ha venta lenge så kom det ein som kunne tolka det. Jo, det er forbudt om vinteren tidleg om morgonen og så litt om kvelden. Men no var det fritt fram. Så me kjørte, og kjørte. Og kjørte. Rett oppover inn i skogen ca. tusen meter. For her gjekk tregrensa høgt opp. Men så fekk me også løn for strevet med ei fantastisk utsikt.


Så var det å komma seg nedover same skråninga og leggja lenger vestover. Og då det blei kvelden kunne sola gå ned over oss i ein ny by og eit nytt land. No var me komne til Tsjekka.

1 comment:

Bjørg Eli said...

Hallo, så koseleg med ei helsing frå Martin og Erlend.
Me har alltid hatt guide oppover fjellsida, så me har ikkje funne turstien. Naturen er absolutt mektig i disse områda også.
God tur vidare!
Bjørg Eli - mor til Erlend