Thursday, October 06, 2011

Det går no så opp og ned på denne reisa!


Det kom ein melding frå Johanna på telefonen midt på dagen i dag: Har de det fint fortsatt? Meldinga nådde oss på eit tidspunkt der me var så slitne og i dårleg form at me nærmast hadde måtta støtta kvarandre ut til bilen etter eit besøk på museum med ei tidsreise tilbake til DDR. Morsomt nok, det, men det hadde vore like morsomt å sjå gjenstander frå vår eigen norske oppvekst. Og så var me ute av form, som sagt. Heldigvis var eg verst, for eg skulle ikkje kjøra. På morgonen hadde me fått me oss to kyrkjer og eit museum i Dresden,
og framfor låg Meissen porselensfabrikk der me kunne få sjå produksjonsprosessen. Ja, for de veit vel at dette er den eldste porselensfabrikken i Europa? Så eg hadde altså sett meg i hovudet at eg ville dit og kjøpa meg eit lite fat. Og så kanskje eitt til kvar av svigerdøtrene mine. Og søstra mi har jo snart bursdag… Det var berre det at då eg fant det vesle fatet eg ville ha (på salg til og med) så kosta det 6-7000 kroner. Så det blei det altså ikkje noko av, og de andre treng heller ikkje ha så store forventningar til Meissen-porselen. Men det var no moro å sjå. Knut ville heller ha mat enn porselen,
og etter at eg hadde teke bilde av han saman med ein papegøye som kosta litt over seksti tusen, og me hadde fått i oss mat, så kom me oss, og eg kunne svara Johanna at Ja, me har det fint! Så det går litt opp og ned på denne turen. Helst går det opp, sjølv om det no er nokre dagar sidan me skrytte fælt av oss sjølv og kvarandre fordi me ikkje hadde gløymt noko og ikkje blitt fråstolen noko, og me var friskare enn på lenge. Litt av kvart har hendt sidan det, men me (og bilen) er framdeles heile, og no bur me på flott hotell i Leipzig. Og plutseleg kjem me heim!

No comments: