BindestrekenEin mann tala ved båra til ein ven.
Han tala om årstala som skulle stå på gravstøtta:
Først skulle fødselsdatoen stå,
og så ein aller siste dato.
Men, sa han, viktigast av alt
var bindestreken,
eller det vesle
til som kom mellom åra
1922-2007
Denne bindestreken var nemleg den tida
venen hadde fått på jorda.
Og no var det berre dei som heldt av han
som visste kva denne bindestreken er verdt.
Bilen, huset, pengane
betydde ingenting.
Derimot korleis han levde og elska
og brukte sin vesle bindestrek.
------------
Tenk på dette, alvorleg og lenge:
Er det noko du vil endra?
Du veit aldri kor mykje tid du har igjen,
og som du er herre over.
La oss roa oss ned såpass
at vi ser kva som er sant og ekte.
Prøva å forstå
korleis andre menneske har det.
La oss ikkje la sinnet få så stort rom,
men la takksemda desto større plass.
La oss bry oss om våre næraste
slik vi aldri har gjort det før.
La oss møta kvarandre med respekt,
og gjerne med eit smil.
Alt mens vi hugsar at den vesle bindestreken vår
ikkje varer så lenge.
Måtte vi så, når våre vita blir lesne opp
og vårt livsløp er omme,
vera stolte over det som då skal seiast
om korleis vi, du og eg,
brukte vår vesle bindestrek
Lese ved båreandakten. Fritt omsett etter amerikansk tekst.