Og jammen slo Åsa til med middag for sju på 1.mai, og det i eige hus. Kjøpt etter å ha budd det inn i snart tjue år. Godt for oss at det fins bufaste med åpne dørar på Kvitsund. Me gler oss til din store fest i juni, Olav! Knut lurer på om han rekk å vaske og stryke bunadsskjorta mellom alle festhelgane. For øyeblikket kavar han med ni (!) skjorter som skal strykast, og ber meg helsa at han ynskjer seg tilbake til den strykefrie perioden.....
Elles har det gått mykje i natur i dag. Hagestell med plantekjøp og planting, samt hausting av den fyrste rabarbraen. Det blei både suppe og dessert. Øvst på sida ser de litt av planteresultatet. Me gløymde å spørja kva desse blomane heitte. Hadde ikkje hatt dei før. Kan nokon hjelpa oss med det? (Dobbeltklikk på bildet så får du det større). Elles er det fint å få innspill om gleder. Kanskje du kan prøva deg på det, Ellen Katrine? Er ikkje sikker på kor barnebarn skal kategoriserast, men du må gjerne bringa dei på banen. Og Åsa, over til kulturen: Kva var det ho heitte, den boka du anbefalte der ved stranda?
Ps. Ei ekstra uventa glede å bli med på samtalegudsteneste med Kviteseidkonfirmantane. Verd ei ekstra omtale, men det må bli ein annan gong!
Pps. Litt barnebarn må eg ha med. Dersom lukka står meg bi så vil du her finna ein liten filmsnutt med Marte som deltar på Kyrkjelydshuset i Førde. Innslag på Vestlandsrevyen 2.mai
No comments:
Post a Comment