Tuesday, August 28, 2007

Oselands


I fleire dagar har vi feira brødrene Aasland som har vist fram sine eigne og sine forfedres kunstverk, åndsverk og livsverk. Først ute var Nils som var ein av hovudutstillarane i den nye skulpturparken på Bærums Verk. Utstillingen blei opna med stor fest på torsdag kveld.

Saman med Marianne og Ane fekk me bli med på opning og mottakelse (?) heime på godset til Carl Otto Cappelen som eig anlegga på Bærums Verk. Sjølv fortalde Nils historien om sine "resirkulerte" Big Buttons. Etter eit langt liv på t-banestasjonen på Stovner, har dei no fått nytt liv på Bærums Verk.



To dagar seinare var det Aasland jr. (Tord) som fekk æra av å ynskja nær på hundre menneske velkomne til tuns på Åsland.Her fortalde Tord om slekt og gard og historie, og så blei det vist fram ting som Nils Malar(bror av Knut sin oldefar) hadde laga og det blei sunge salmer som han hadde laga.
Seinare gjekk turen til menighetshuset i Bamble der det var halde fleire kulturhistoriske foredrag, bl.a. av brødrene Harald, Nils og Knut.
Dagen blei avslutta med ein flott konsert i kyrkja. Her song Anne Gravir Klykken, mens Sigvald Tveit spela, m.a. fleire av Nils "Malar" Aasland sine songar. Og alle var samde om at det hadde vore ein gild dag!

Neste dag var det tid for 30-årsfotograferinga: På denne kjelken har dei fire brødrene blitt fotografert kvart 30.år, og alltid har Nils gummistøvlar på, og ei brødslive i handa. Forrige gong var i Guro sin barnedåp i Vinje.



Og når det no var så godt mannskap, så bar det til skogs for å hogga, kvista og slepa til gards eit tre som kan bli erstatta den flaggstanga som vinden tok ei veke før den store festen. No er det von om at ein slepp å flagga på "byvis" neste gong det blir fest i tunet!

No comments: