Monday, August 06, 2007

I Edens hage og i andre hagar





Sommaren er i store trekk over, og badetøyet blir lagt ubrukt tilbake i skapet. Eller kanskje ikkje. Var me kanskje ikkje i sjøen og bada med Tove og Arne den første dagen me var tilbake i Asker? Og åt (litt!) på eksklusive Hvalstrand Bad uterestaurant. Ikkje at det var opphaldsver heile dagen, men...Det var det heller ikkje då me var på uterestaurant på brygga i Kviteseid. Stas for det. Ein av dei to dagane det ikkje regna var me på Flor og Fjære. Ei eksotisk palmeøy i Ryfylke. Ein fantastisk opplevelse som me dytta på Per Helge og Elisabeth som bursdagspresangar, slik at me også kunne få vera med. Trur dei hadde det bra, dei også.


Mange dagar var det regn på hytta. Men her var det godt selskap. Ser ikkje Isak glad ut, kanskje?



Ein av dagane tok me ein utflukt til bibelcampen på Kvitsund. Her blei det bibeltime på farfar, og barnemøte med perler(!) på farmor og Marte. Imponerande å halda konsentrasjonen til 50-60 ungar mellom tre og sju. Og deretter bistå med perling for alle. Marte var nok av dei minste, men me fekk pressa oss til eit lite hjørne. Og jammen blei det armbånd. Kor har det blitt av det, trur du, Marte? Etter strabasane gjekk me på felles lunsj i matsalen. Flott med så mange barnefamiliar som koste seg i regnveret. Marte koste seg også i Lindheim-hagen med Solveig og Sigrid. Og me koste oss me henne og Isak. Så då eg hadde jobba ei veke så drog me rett opp for å sjå korleis dei hadde fått det i "ny-huset".

Knut likte seg godt på "arbeids-ferie", mens eg slappa meir av.


For dei som syns det har blitt mange bilde, så er no fotoapparatet kaputt, så me nok skaffa oss eit nytt dersom ikkje bloggen heretter berre skal innehalda gamle bilde.

1 comment:

Nils said...

Hei Jorunn
Du er flink med bloggen, særlig likte vi(jeg)stoffet fra Bærum og Åsland selvsagt, men det er også fint å følge med i slektas bevegelser.Nå lurer vi på om vi skal legge noen arbeidsbilder på en blogg, men vet lite om praksis,og valg av program eller bloggvert eller hva det heter.
Har du noe info om dette?
Vi finner sikkert er tidspunkt for overføring av gaver etc.
Marianne hilser og det gjør også Nils