Monday, February 27, 2006

Marte har 1-års dåpsdag og OL er over



Gratulerer med dagen, Marte! Tenk at det er eit heilt år sidan du hadde på deg den gamle brudekjolen min og blei døypt i namnet til Faderen og Sonen og Den heilage Ande. Du var mykje forundra og storøygd denne dagen. Det syns farmor at ho så tydeleg hugsar. Mykje folk og ståk og styr og vanskeleg å få sova i fred. I dag spring du omkring og har feira dagen med kontroll på helsestasjonen saman med pappa. Men kanskje har dei hugsa å tenna dåpslyset ditt også.

OL-genseren din er nesten ferdig. Manglar berre broderi og damping, men det har visst inga hast. Eg trur han blir passe stor til hausten. Men strikketøyet passa godt til dei mange uendelege OL-sendingane og alle gullmedaljane me ikkje fekk. Mange blei spurt om sitt beste OL-minne, men eg blei desverre ikkje spurt. Difor må eg fortelja det ubeden. Det var ikkje då me fraus oss mesten skakke under prøveomgangane i kulekjøring på Lillehammer, men ein føremiddag mange år tidlegare. Per Helge og eg fekk boller og kaffe og saft hos Anne Mari og Karl Yngve då det blei kunngjort: "The decision is Lilli Hammer!" Per Helge på seks var kjapp i hovudet den gongen som no og kommenterte straks: "1994, mamma, det er det året du har tre tenåringar i huset! "

Berre så eg visste det, så kom det til å bli eit sterkt år!

2 comments:

Anonymous said...

Hehe, eg syns dere greide 1994 riktig så bra.

Anonymous said...

Marte besto ettårskontrollen med glans. Vaksina som skulle vera ekstra vond mottok ho utan ei mina.