Monday, February 13, 2006

Grå kvardagar i februar?

Ein vanleg måndag, men eit heilt uvanleg flott ver og føre i "Askerskogen". Glitrande snø og passe med kuldegrader. Men det var skummelt mange spreke pensjonistar som fauk forbi oss! Knut er fornøyd med sin gamle røde anorakk etter at me såg akkurat maken på Teknisk museum på søndag. Men han sørjer over den gamle lua si som er blitt borte.
Tirsdagen blei ikkje grå den heller. Veret blei grått, men på Askertun var det dekka bord med masser av roser og hjerter. Litt for å markera Valentinerdagen, men mest for å visa at dei sette pris på dei som var inviterte, nemleg alle i Asker menighet som deltar i frivillig arbeid. Dei tilsette hadde stelt i stand med god mat og muntert program. Og så delte dei ut roser til alle gjestene. Derfor fekk også vi kvar vår. Ein kveld prega av glede og takk blei avslutta med ein stor sirkel som markerte det felleskapet vi er blitt ein del av her i Asker.

1 comment:

Anonymous said...

Det er imponerande stor aktivitet på bloggen din! Kjekt å lese om kva som skjer i øst. Det er lenge sidan eg har sett så mykje snø..Her er det ikkje heilt uvanleg regn, vind og surt.
Eg har lest sju bøker i løpet av ferien, men eg klarer ikkje å få Agnar bitt av bokbasillen...Dessverre.. så her i heimen er det ikkje litteraturgruppe!