Sunday, March 05, 2006

Innværjenter - og Ona fyr


To Innværjenter møttest i dag - midt i den norske hovudstaden. Randi er snart seksti år og har budd dei fleste av dei på Innvær der ho og Paul no er i full gang med å byggja seg nytt hus. Moste Ingrid har fylt nitti, og Innvær er snart det einaste ho har klare minner om. På sjukeheimen i Oslo er det svært få ho kan dela desse minnene med. Eit lukketreff derfor at Randi kunne bli med oss og dela litt nytt frå gamlegarden og senda helsingar heimover. Kaffe med sjokolade og kransekake blei det også, sjølv om oppdekninga kanskje ikkje nådde opp mot eit Kallevågsk nivå.
Eg veit ikkje, men kanskje Innvær funklar for mosto slik Ona fyr funkla for Ingebrigt Steen Jensen. Noko å orientera seg etter. Til vår store forbauselse (!) har me dei siste vekene høyrt oss gjennom lydboka der forfattaren gir oss del i sine tankar om kva som skal til for at ei bedrift eller ein frivillig organisasjon skal lukkast. Vi starta fordi vi trong ei lydbok på turen fram og attende til hytta, men held fram fordi det heile var morsomt, tankevekkjande og svært treffsikkert formulert. Var vi ikkje så interesserte i tema i utgangspunktet så blei vi det etterkvart. Kan anbefalast til alle, sjølv om mange nok alt har lese boka!

No comments: