Sunday, March 26, 2006

Bibliotekmøte i Trondheim

Fire dagar med fagleg input, drøssevis av kjende og endå fleire ukjende bibliotekarar frå heile landet, litt by- og kafeliv, flott festmiddag med elegante festtalar. Det er litt av det som ligg bak meg denne veka. Nærare 800 bibliotekfolk på ein plass, og diskusjonane gjekk om Bibliotekscenarier 2020, felles synleggjering, opphavsrettslovgiving, poenget med bibliotekstatistikk og KOSTRA-tal, mangfold og inkludering i eit fleirkulturelt samfunn, samt mange debattar som eg ikkje kunne få med meg.
Heile mitt yrkesliv for forbi ettersom "dei gamle" og kjende dukka opp. Nokre tok eg eksamen saman med for 34 år sidan, andre kjende eg frå studietida for ti år sidan. Mange ansikt dukka opp frå Telemarkstida, og her kjende eg dei fleste. Det kan ikkje ha vore stor utskifting på ti år! Elles ser eg at eg bur på grensa mellom Akershus og Buskerud og det gjer at kontaktane reint fagleg blir få her. Men det har alltids vore kurs og møter der eg har møtt folk eg no såg igjen.
Og så var det massevis av stands då! Her såg eg damene som lyser mot oss frå baksidereklamen frå Biblioteksentralen og ansikt bak dei blide trønderstemmene frå Lydbokforlaget. Reiseleiaren frå Egyptreisa, dei som hittil berre har vore namn bak artiklane i fagblada. Og mange fleire. I det heile tatt var det for mange å forhalda seg til, så eg trur nok det blir mitt siste bibliotekmøte (det er berre annakvart år). Noko av det beste var kanskje talen ved festmiddagen. Ola By Rise hadde dei 800 i si hule hand i 10-15 minuttar og framførte både ris og ros til bibliotekfolk på elegant rim!
Elles var eg på pen restaurant med Elisabeth og Per Helge. Elisabeth hadde funne ut at det var så pent at ho sende melding heim til Per Helge at han måtte ta på seg skjorte. Godt at andre tek over!
Det mest overraskande møte fann stad inne i ein heis som ikkje ville gå. Det var på Trondheim folkebibliotek og brannalarmen hadde nettopp vore utløyst. Ved sida av meg stod ein kineser med store solbriller, og ved nærare ettersyn såg eg at det var Phillip som Per Helge budde med på Kvitund. Både han og dei andre to lånte bøker; Elisabeth endogtil på tysk! Lukka for ein bibliotekar må no vera at folk låner og les!

Vel heime blir eg møtt av ein stakkars mann som har skamslått seg etter å ha falt på isen, mista nøkkelknippet sitt, slått ut ein vegg og øydelagt motorsaga. I tillegg har han blitt dugeleg forkjøla. Så livet går sin skeive gang både her og der!

No comments: