Korleis kan ein så frivillig få seg til å forlata alt dette? Og er det no veldig synd på oss?
Men til no har dei positive overraskelsane vore flest: Langt mindre regn enn frykta og langt fleire flotte solnedgangar og haustfargar, fargerike kveldshimlar og blikkstille vatn. Og langt fleire smilande fjes som viste seg å vera gamle kjente som ynskte oss velkommen! Nær og fjern - og endå litt fjernare - slekt har meldt seg. Frukttre, bærbuskar og rosetre er planta og vi har starta på innvendig renovering av huset. Kaotisk, men ein liten Asker/Sunne-engel er på plass i vinduskarmen og minner oss om dykk og om Sidsel.
"Fredagsforum" har dukka opp i form av eit fredagsfellesskap tilknytta KFUK/M-folk på vår alder. Kjempefint! Og Knut har begynt i mannskoret Havdur der han har det fint. Me kjem nok ikkje på Novembermarkedet i år, og sparer kanskje ein ytterjakke på det.....men me har vore på basar! Klart vi saknar Asker! Vi takkar for åra og fellesskapet vi fekk saman med dykk, og håper å sjå flest mulig igjen. Nærmaste flyplass her er faktisk nærmare enn han var i Asker. Dei større litt lengre unna.Som de ser så har huset mange rom. I alle fall, velkommen til oss!
![]() |
| Den gamle tørkeplassen blir omgjort til frukthage |


