Thursday, October 20, 2011

Rebekka fyller to


Hipp hurra og gratulerer med dagen!

Thursday, October 06, 2011

Hei David!

Du kan tru farmor blei glad då ho kom heim frå den lange bilturen og såg at det var brev frå deg i posten! Kjempefint var det, så i dag tok me bilde av det. No skriv eg eit brev til deg på datamaskinen, og så skal me senda brev og pakke til Rebekka sin bursdag i posten. Dagen før i går var eg og farfar i Oslo og kjøpte bursdagspresang til Rebekka og julepresang til deg. Me var i ein kjempe- kjempestor butikk med berre leker. Veldig mange bilar og traktorar og dokker og spel og filmar og bøker og mange, mange andre ting. Kanskje du kan få bli med dit ein gong og velja ein ting slik som du gjorde i Seljord. Då fekk du Gråpusfilm og det var vel bra? Egentleg skulle me handla litt presangar i utlandet, men når me kom inn i ein butikk blei farfar så veldig trøtt med ein gong. Men ikkje når det var store gamle bilar eller lekebilar, då ville han prøva dei. Men du har vel så mange bilar at du ikkje vil ha fleire?
Det var flott at du ville hjelpa med å saga plankane til farfar i sommar og vaska blomsterpottene mine.


Snart kjem me på besøk med julepresanger. Huskar du at kulenissen kom ein gong som eg og farfar var på besøk til jul? Kanskje han kjem i år også? Men først må du sjå om det er bilde av Rebekka i avisa på bursdagen. Der er ho veldig stolt av storebroren sin som byggjer tårn på hytta. Pappa seier at du er blitt veldig grei og tålmodig med Rebekka, og det er veldig fint.

Det går no så opp og ned på denne reisa!


Det kom ein melding frå Johanna på telefonen midt på dagen i dag: Har de det fint fortsatt? Meldinga nådde oss på eit tidspunkt der me var så slitne og i dårleg form at me nærmast hadde måtta støtta kvarandre ut til bilen etter eit besøk på museum med ei tidsreise tilbake til DDR. Morsomt nok, det, men det hadde vore like morsomt å sjå gjenstander frå vår eigen norske oppvekst. Og så var me ute av form, som sagt. Heldigvis var eg verst, for eg skulle ikkje kjøra. På morgonen hadde me fått me oss to kyrkjer og eit museum i Dresden,
og framfor låg Meissen porselensfabrikk der me kunne få sjå produksjonsprosessen. Ja, for de veit vel at dette er den eldste porselensfabrikken i Europa? Så eg hadde altså sett meg i hovudet at eg ville dit og kjøpa meg eit lite fat. Og så kanskje eitt til kvar av svigerdøtrene mine. Og søstra mi har jo snart bursdag… Det var berre det at då eg fant det vesle fatet eg ville ha (på salg til og med) så kosta det 6-7000 kroner. Så det blei det altså ikkje noko av, og de andre treng heller ikkje ha så store forventningar til Meissen-porselen. Men det var no moro å sjå. Knut ville heller ha mat enn porselen,
og etter at eg hadde teke bilde av han saman med ein papegøye som kosta litt over seksti tusen, og me hadde fått i oss mat, så kom me oss, og eg kunne svara Johanna at Ja, me har det fint! Så det går litt opp og ned på denne turen. Helst går det opp, sjølv om det no er nokre dagar sidan me skrytte fælt av oss sjølv og kvarandre fordi me ikkje hadde gløymt noko og ikkje blitt fråstolen noko, og me var friskare enn på lenge. Litt av kvart har hendt sidan det, men me (og bilen) er framdeles heile, og no bur me på flott hotell i Leipzig. Og plutseleg kjem me heim!

Tuesday, October 04, 2011

Slovakia!

Etter å ha reist gjennom flate (og litt kjedelige) landskap gjennom så godt som heile Polen og Ukraina var det godt å komma over grensa til Slovakia og sjå fjella i bakgrunnen. Eigentleg hadde vi tenkt å kjøra frå Krakow og over Tatrafjella via Zakopane, men så blei det Ukraina i staden, og eg er glad for det. Men så godt å få kjøra frå aust til vest i timesvis med dei flotte fjella i bakgrunnen.


Eit og anna vatn og ein og annan by langs vegen. Midt på dagen kom vi fram til Martin, ein fin liten slovensk by. Eit lite universitet og ein stor koloni norske medisinstudentar!
Ein av dei var Erlend, min slektning, som har hatt barndommen sin i byen mellom sju fjell. Her likar han seg godt, også på grunn av dei langt fleire enn sju fjella som omkransar Martin. Han viste oss rundt i byen sin og hjelpte oss å finna hotellet vårt som absolutt låg utanfor allfarveg. Neste dag gjorde me som me hadde fått råd om; reiste på fabrikkutsalget til Ecco og kjøpte oss fem par sko! Men veret var fantastisk og me ville opp på eit fjell, Martinske Hole,som visstnok var ein vanleg utfartsstad. Ei god stund prøvde me oss oppover fjellsida med bilen på ein tursti. Det var mykje folk ute og gjekk, og til slutt fekk me då vita at Nein Auto! Peike og forklare, og rett før me gav opp, fann me rette vegen. Berre for å bli møtt av eit skilt
som såg slik ut.Men kva betyr no det? Er det forbudt eller er det ikkje forbudt?Etter å ha venta lenge så kom det ein som kunne tolka det. Jo, det er forbudt om vinteren tidleg om morgonen og så litt om kvelden. Men no var det fritt fram. Så me kjørte, og kjørte. Og kjørte. Rett oppover inn i skogen ca. tusen meter. For her gjekk tregrensa høgt opp. Men så fekk me også løn for strevet med ei fantastisk utsikt.


Så var det å komma seg nedover same skråninga og leggja lenger vestover. Og då det blei kvelden kunne sola gå ned over oss i ein ny by og eit nytt land. No var me komne til Tsjekka.

Saturday, October 01, 2011

Ukraina - ein "rystende" opplevelse

Etter å ha opplevd ein verkeleg grensepassering mellom Polen og Ukraina (sjølv om me kom til å bli granska meir nøye då me skulle andre vegen), fekk me vår første opplevelse med eit offentleg do, og seinare stod utfordringane i kø, og det blei mange rystelsar av ulik art.
Åsgrendvegen og Fjågesundvegen på sitt verste var for ingenting å rekna mot den veistandarden me møtte deler av tida i Ukraina. Det nærmaste var det opplevde då me kjørte omkring på Madagaskar for ein del år sidan. Eit stykke med fin asfalt og så lange strekningar med sikksakk-kjøring mellom alle dei store hola i asfalten. Heldigvis blei det mykje betre då vi nærma oss L'viv som vi hadde oppfatta var ein større landsby. Det var feil, som mykje anna me hadde trudd. Heile gamlebyen stod på Unescos verdensarvliste. Byen var større enn Oslo, men det virka som om alle vegar var stengde og under arbeid. Var det ikkje slik det var for turistane i Oslo i sommar? Med adresse til hotellet og ein GPS som samarbeida så skulle det vera ein enkel sak å finna fram, men når GPSen sa til venstre så var veien til venstre stengt, så til slutt kjørte me i ring på slitsom brustein og med enorm trafikk. Ting blei ikkje betre av at me som i Polen ikkje hadde forstått orda, no ikkje eingong forstod bokstavane på veiskilta. Til slutt såg me operaen og Hotell Opera der me skulle bu,
men ingen kjørevei var tilgjengeleg dit, så me parkerte rett framfor operaen, og gjekk resten. Bilen blei henta av ein dertil eigna hotellperson og plassert rett utanfor hotellet i ei lita sidegate. Alt vel til vi skulle ut neste dag. Då var vi framleis innesperra på alle kantar. Men ein mann som forstod problemet om ikkje orda, gjekk føre oss og jaga (mange!)folk bort frå fortauet og bana veg for oss slik at me kunne kjøra der fram til ei kjørbar gate. Me har møtt utruleg mange kjekke og hjelpsomme folk av alle nasjonalitetar på vår vei, og ukrainarane var ikkje noko unntak. Men me har måtta bruka mykje fingerspråk, seinast i dag då me skulle bestilla mat på ein utfartsstad i Slovakia. Menyen var på slovakisk og uten bilder, og dama bak disken kunne berre slovakisk. Ikkje lett, men vips kom det nokre ungdommar og spurte om dei kunne vera til hjelp, og det kunne dei såpass at me enda opp med grilla kylling og pommes frites. Stort fleire ord på engelsk kunne ikkje dei heller. Men på alle hotell har resepsjonsdamene vore veldig flinke og snille og greie, så det meste har gått greitt, sjølv om to hundar haldt eit frykteleg leven utanfor hotellet i heile natt. Me søv bra og føler oss som grevar. Ikkje minst følte me oss som overklasse i Ukraina der me av ukjente grunnar hadde havna på eit ekstra flott hotell. Det er mykje å seia om Ukraina og om grunnane til at me reiste dit. Alt er knytta til bøker me har lese, som f.eks.






En kort historie om trakoren i Ukraina, men ikkje minst om Forsvunnet som Daniel Mendelsohn har skrive om si jakt på dei jødiske slektningane som blei vekk i Ukraina under krigen. På hans anvisning fant me plassen der dei blei samla opp for å bli ført bort og bli skotne og lagt i ei massegrav. Så har me på vegen høyrt lydboka Stalins barn som gir interessante innblikk i politikk og historie oppgjennom dei siste hundre åra på dei traktar.