Wednesday, September 21, 2011

Ord frå ein suite i 8.etasje

Etterat me liksom kjørte inn i Polen med feil dekk først har det stadig gått betre! Me tar oss fram! Det er ikkje det at eg trur dette bildet ville ha gjort seg i ein fotokonkurranse, men det seier litt om størrelsen på rommet me fekk tildelt etterat me suste inn til hotellet midt i sentrum av Warshawa i gårkveld. Me hadde ikkje akkurat bedt om digert rom med to store bad, men takka ikkje nei då me fekk det for samme pris, ettersom dei elles ikkje fekk ting til å gå opp.

Eg tenkjer på ferieleiligheten me delte med Magnhild og Audun i Alpane sist me var ute på farten. Den var tilsaman mindre enn de me har no. Så det er berre å nyta det og lura på kva Krakow har å by på av bekvemmeligheter.

Me har tatt ut pengar av minibank, fylt bensin og kjøpt billett til trikken, så me er vel snart aklimatiserte? Det er ikkje sikkert me er så langt borte heller, for damene med nabobordet snakka bergensk (norsk?) og Jonas Gahr Støre svirrar rundt på TV-skjermen og snakkar om ein palestinsk stat......

Polen imponerer på mange måtar. Folk er vennlege og hjelpsomme og stolte av landet sitt. Og dei har lagt ned enorm innsats for å få landet på fote, først etter krigen som øydela enormt, og så dei siste åra etterat kommunismen miste grepet. Dei tre siste dagane har me sett tre ulike byar ta vare på sin gamle kulturarv. Først Gdansk som fekk heil sitt sentrum øydelagt, og som valde å byggja det oppigjen slik det var i Hansatida då Gdansk var på sitt flottaste. I går var det Torun som ved eit under fekk sitt middelaldersentrum spart. Heile sentrum er no på Unescos verdensarvliste. Det same er Gamlebyen i Warshawa som var jevna med jorda slik 85% av byen var det. Gamlebyen er bygd opp som nøyaktig kopi av den som var.

360000 jødar blei utslett her under krigen, og det viser dei mange minnesmerka. Det har vore mange sterke inntrykk i byen i dag. Godt då at Chopin og Madame Curie supplerte bildet. Men Chopin fekk ikkje komma heim etter opphald i utlandet dersom han ikkje søkte om russisk statsborgarskap, og det ville han ikkje. Men hans siste vilje var at hjarta hans skulle bli gravlagt i Warshawa, så det smugla søster hans heim i ei lomme på innsida av skjørtet sitt. Så hjarta hans fekk komma heim.


"Den lille blå, den minste av dem alle..." Illustrasjon av vårt solsystem i Kopernikus' hus i Torun



Posthuset (!) i Torun

Jødeghettoen: Her var det Willy Brandt bøygde kne og ba om tilgivelse på vegne av det tyske folk.



Den nye Gamlebyen i Warshawa.

4 comments:

BjørgEli said...

Hallo, og velkomne til Polen. Eg misunner dykk alle disse opplevingane. Vår oppleving har også vært at folket er så stolte av landet sitt, og så er historia deira så nær vår tid. Kos dykk vidare!

Anonymous said...

Dette ser kjempe interessant ut. Håpar de ha betre ver enn det me har her i Førde. Inge

Anonymous said...

Hyggelig at du deler dette med oss alle, Jorunn. Morsomt å følge med!
Randi

elisabeth said...

Så gøy å lesa litt om koss dokk har det. Kos dokk videre. :)