Sunday, April 03, 2011

Å sjå og bli sett!

Det var det vi gjorde sist helg: Vi såg og blei sett. Kanskje ikkje akkurat slik det foregår på Aker Brygge eller Theaterkafeen der ein helst må tenkja nøye på korleis ein ser ut. Nei, for oss var det eit alternativ til skitur i eit grått og vått og sørpete ver,og antrekket var som det måtte vera når me kava oss ut frå hytta laurdag føremiddag, og sette kursen bort frå tåkehavet og mot Kviteseidbyen. Og der blei me i mange timar. Det var utruleg kor mange kjende me traff. Først vinka me til Aslaug T. før me parkerte ved sida av Ingebjørg R. og firhjulingen. Ho var lukkeleg for våren, for kjøredoningen var vanskeleg å ta seg ut med i minus tjue og med giktiske fingrar. Me fekk høyra nytt om store og små i familien, og fekk høyra om reiseplanar ho hadde. Framleis ute på parkeringsplassen kom Hadle og Ingar inn frå kvar sin kant. Hadle skulle heim og røra i grautgryta mens Ragnhild og Ingvild gjekk på tur, og når alt dette var vel unnagjort kunne me komma bort og eta graut. Me takka ja, men det var enno fleire timar til, så me hadde god tid til å drøsa med Astrid T. og vesle Jon som skulle ut på kort handel før dei skulle heim til suppegryta. Den var stor og god, og me måtte gjerne bli med! Me kunne ikkje dobbeltbooka, men me fekk no høyra at ho venta eit nytt barnebarn i juni. Så kom Svein F. og fortalde at han skulle flytta til Bergen til sommaren, og at han skulle heim og eta ribbe til middag! Me blei ikkje inviterte med, og det beklaga me alle høglytt mens me sende helsingar med han då han for. Me måtte jo innom butikken, og sjølv om me nesten ikkje skulle ha noko, laga me kork i alle krokar. Det var jo så mykje kjentfolk der! Der var Janne som fortalde om ei gammal klasseveninne som hadde flytta til bygda, og om døtrene, ei med odelsrett og ei med ektemann, og der var Vibeke som snakka om gamle svigerforeldre, samt Inge og Britta med ein dotterson som var som å sjå ein liten Ørjan. Til og med Aak snakka me med, og han ville også helst flytta heim igjen til Bergen. Me hadde tenkt oss å drikka kaffi hos Waldenstrøm, som ikkje er Waldenstrøm lenger, og då me kom dit var me så godt i farta at me snakka lenge og vel med ei som stod der og venta på å få handla. I ettertid viste det seg at me slett ikkje kjende henne, og aldri hadde snakka med henne før, men no veit me at ho heitte Tjodvor. Derimot kjende me to av dei tre som sat på kafeen og som vinka oss bort. > Asle fortalde om alle sine nyrer; den siste var den aller beste. Og dessuten hadde han rydda på låven og funne ett hundre år gamle oppbyggjelege blad, og dei fekk eg! Jordskiftedommaren fortalde at han skulle til Molde og vera morfar på heiltid ei vekes tid, og dessuten fekk me gode råd om at veirett bør setjast på papir, og om korleis ein eventuelt skal løysa opp eit sameige. Og begge fortalde om alle sine, og me om våre. Me har alle vore foreldre til barn på Haukom skule som no er historie. Dei me ikkje traff på søndagen dei såg me stort sett på gudsteneste i Brunkeberg på søndagen. Utruleg flinke barn i kor, og mange stolte foreldre og besteforeldre. Og dirigent Åsbjørg er eg til og med litt i slekt med!
Kunsten er å komma akkurat ofte nok til at folk hugsar oss, og sjelden nok til at dei ser at me er der! Me er i alle fall fornøgde.

1 comment:

Per Helge said...

Veldig bra skreve. Eg ser det for meg når de vandrar i Kviteseid :)