Tuesday, November 09, 2010

Krise med någå (mykje!) attåt

Alt såg jo så fint og flott og flott ut då me la i vei for å gjera vår innsats på årets Novembermarked i menigheten. Etter iherdige studier i bøker og anna fekk eg til og med sydd dyne og pute med trekk til den flotte dokkesenga som Kari hadde rosemala til utlodningen. Litt bakverk kom også med, samt litt (altfor lite!) som skulle seljast på loppemarknad.


Eg hadde fått plass ved koppar- og kar-avdelingen, mens Knut rådde over avd. med tekniske saker og ting. Og ting gjekk unna! Ikkje minst for Knut som avslutta dagen med å selja min gamle og gode ytterjakke på posesalg for kr. 20,- At det går an! Det blei presisert at ingen klær skulle på loppemarked, og dette var også det einaste klesplagget som gjekk med, og det i siste sekund.




Eg kom fornøyd med sju store og fine basargevinster, tre gamle tekanner, ei enorm gammal rulle, brukte uteleker til hytta, tre glass heimelaga syltetøy, to boksar med dei første småkakene og ein stiftemaskin + + Men så var altså jakka mi borte, og den skuldige fekk sanneleg høyra det. Til stor applaus! Men det var han som fekk tilbud om ei seng for natta og ekstra sjelesorg. Eg derimot, kva fekk eg? Ikkje tilbud om å få låna ein jakke på heimveien eingong!
Men mykje fekk me med oss heim likevel. Litt til å eta, litt til julepresanger, litt til hytta og litt til kjellaren. Håpet er at det no blir nyrulla dukar til jul.



Og restane blei kjørt på søppelfyllingen på mandagen.




Og eg fekk ny (og mykje betre!) jakke etter to dagar. Men at det går an!

Sunday, October 17, 2010

Hausttakkefest for damer





Eg tenkjer kvart år når det lir mot haust at i dag skal eg jammen ha eit dameselskap i oktober, og i år fekk eg det til! Sende invitasjonar før eg reiste til Venezia, og ti av elleve takka ja. Mitt poeng var at eg ville takka for at dei hadde teke så godt imot meg i Asker, og gjort mine første åtte år her så gode. Heldigvis hadde eg fått ny bursdagspresangduk frå Mandal, og den passa fint, men eg måtte ta inn hagebordet for å få plass til alle.



Randi fant fort sin plass som "blomsterpike" på kjøkkenet, ettersom bukettane strøymde inn. Gamle damer får blomster! Egentleg burde eg hatt nye gjester dagen etter så fleire kunne ha glede av blomane, men no deler eg med dykk her på bloggen!


Men sjølv om eg ikkje hadde invitert til bursdag så vanka det også andre gåver. Og kvifor skulle de ikkje få gleda av å sjå dei også! Noko direkte frå Japan, mens andre ting kom frå eigen verkstad.



Gjestene får de ikkje sjå, for mens dei var her hadde eg nok med vertinneplikter. Men det var også veldig koseleg å kunna dela opplevelsar av vår første tid i Asker, og ikkje minst i Asker menighet. Alle var innflyttarar! Og i Asker er det godt å bu.












Eg måtte også fortelja om vår opplevelse som statistar under TV-innspeling på Åsland midt i veka. Kanskje Farmen får fleire sjåarar til våren!




Sunday, October 10, 2010

Venezia - ein fantastisk by!

Turen var flott, heilt frå flyturen i solskinn over snødekte Alpar og vårt første glimt av den merkverdige byen gjennom flyvindauga .




Det blei morsomme og interesante dagar på tur med ni gråhåra lektorar (her representert ved sju av dei) og ditto fruer.

På stillas over Markusplassen mens vatnet flomma inn.
,

med lange og humørfylte måltid langs Canal Grande


bading i Adraterhavet, tur til "glassmesteren i Murano" og ikkje minst bursdagsfeiring på hotelltaket. Picnic i utgangspunktet, men med uniformert kalner som servert kaffi i sølvkanne. Min mest originale bursdag ever!
Flomalarm og enorme cruiseship. "Hjemme-hos"besøk hos hotelldirektøren og så litt handling. Smykker på jentene, mens det var gutane som kjøpte seg skinnjakker! Takk til Elisabeth og Mauritz som var suverene og lommekjende reiseleiarar og guidar!







Thursday, September 16, 2010

Ein stor dag

Eg forstod egentleg ingenting av denne dåpen, eg, farfar og farmor!
Kan du forklara meg det, pappa?


Sunday, September 05, 2010

Gamle Kvitsund-venner

Vi møttest, mimra og prøvde å finna oss tilhøyrarplassar i det "nye" amfiet på Kvitsund. Jammen var det mykje anna nytt også som dukka fram på vår rundtur med Åsa som guide. Ikkje minst er eg fornøgd med biblioteket sin stand og plassering! Takk for oss.

Tuesday, August 24, 2010

Heilt på (blå)bærtur!

Det var ein gong , ganske nyleg, fem Bømlajenter som planla ein skikkeleg bærtur i Telemarks skoger. Blåbær skulle det vera, for det er jo så sunt, og dessuten var det rette tida no i helga. Etter lange forhandlingar på hytta der me fordelte bærspann og bærplukkarar, samt støvlar etter beste evne, aksla på oss sekker med ekstra klær og mat og la innover mot Heivatn. Anne var igjen på hytta for å passa på vaniljesausen som stod klar til blåbærdesserten. Etter tre timar var me attende med våre 28 blåbær, ca. 35 villbringebær og resten (kanskje 100?) i umodne tyttebær. Aldri har eg sett lyngen så ublå!
Turen var jo fin, og etter store anstrengelser der me var i direkte kontakt med Helpdesk på Skotselv der Knut tura, fekk me skikkeleg dreis på grillen og grillmaten, og det blei ikkje berre dei enkle karbonadane de ser på bildet! Men kva med desserten som skulle vera det absolutte blåbærminimum? Jo, det er noko med Nøken kvinne, samt Man tager hva man haver......så på bildet ser de ein av våre lekre porsjonar. Det skulle bli ca. fem blåbær og sju bringebær til kvar. Dandert med vaniljekrem og sprø flak av marengs og mandler blei det vel berre lækkert?


Vel heime for eg rett på konsert med Kviteseidkunstnarar (bl.a. son til han med innflyttarbautaen), og der fekk eg med meg dette verset av Olav H. Hauge, som eg syns kunne passa bra som kommentar til laurdagskveldspraten.

Me siglar ikkje same havet, endå det ser so ut.
Grovt timber og jern på dekk, sand og sement i romet,
djupt ligg eg, seint sig eg, stampar i brottsjø, uler i skodde.
Du sigler i ein papirbåt, og draumen ber det blå seglet,
so linn er vinden, so var er bylgja.

Wednesday, August 11, 2010

Hodlonsjenter på vift!

Plutseleg dukka det opp to syskjebodn heimante, og dei ville til Vollen og drikka kaffe ved fjorden, og deretter på handel i småbutikkane. Slik blei det, og vel heime måtte me posera med generasjonsnetta våre. De ser vel at det er håndtak for barnebarn på sida? No er det ikkje fleire nett i den fargen på Vollen. Sandalane hadde me frå før! Men Ellen fekk seg også ny shorts, og Kirsten tigerskjorte (som ho ikkje har på seg). Grått og vått var det på utfarten vår, men utpå dagen skein det opp så me kunne ta ein enkel pakkeløsning til middag på terassen. Kjekt med uventa besøk!



Friday, July 30, 2010

Folk og dyr på sjø og land i juliferien

Så er juli 2010 historie.

Det kunne ha vore mange innlegg, og det første kunne heita Med farfar på sirkus. Farfar som ikkje fekk barnebarn med seg, men farmor fekk bli med og sjå på elefantane og hundane og klovnane og trapeskunstnarane og alt som var.
Eit anna innlegg kunne heita Hytteliv i med- og motgang. Der var motgangen mykje av teknisk, elektrisk og meterologisk art. Og så kunne eg ha lagt på eit lite PS der Torunn og Harald som æra oss med besøk blir gratulerte med 40 års bryllupsdag i dag! Det samme blir Solveig og Asle i Lier, og Nils og Marianne som er reist til Danmark for å feira. Agnar og Johanna har sju års bryllupsdag i morgon, men det er vel ikkje så mykje å skryta av, eller kva?Så var det Sørlandsferien som best år av mange deler, men ingen av dei er den tradisjonelle med kvite strender og bading og fisking. Først fekk me eit sterkt møte med Gabriel Scotts Kilden i Stavern kirke. Og deretter kaffe ved havet i Helgeroa før mekom til hytta i to-tida om natta. Seinare fekk endeleg farfar nokon til å visa seg dyrelivet i Kristiansand, dvs i Dyreparken. David blei betatt av dei og av gatemusikantane i Mandal, mens Rebekka koste seg på uterestaurant. Og den som vil sjå henne uten briller, men i fart, kan klikka her! Me har ynskt oss ein tur ut i Sørlands-skjærgarden med båt, og det fekk me med Harald og Anne-Mari. Ein sterk opplevelse; eg seier ikkje meir! Jo forresten, eg høyrde kronprinsen måtte trå til i redningsaksjon der ute i dag, så me får vel ringja våre venner og høyra om det står til liv…Etter suiten hos Harald og Anne -Mari var det ein defintiv nedtur i standard å ta inn på camping-hytta på Justøya bibelcamping. Omtrent halvparten så stor som annekset vårt, og der skulle det vera plass for fire til å sova og eta og koka og vaska opp med mer. Godt det var utever! Det blei mange mil i bil, og den delen kunne godt heita Kon-tiki, for flåten sin ferd følgde me på lydbok, så i går måtte me dra på Kontiki-museet der flåten låg, og der det var stint av utenlandske turistar.Mesteparten av juli har me faktisk heime i Asker, og eg har til og med vore på jobb. Men kaffi med venner har det også blitt tid til, og olsok blei det rømmegrøt på Kari og Ragnar sitt koselege kjøkken. Så no er det godt å vera heime igjen!





Rebekka er blitt stor jente, både når ho poserer ved strandkanten og heime i hagen. Det kan du sjå om du klikkar her



















PS! Hadde redigert og flytta bilder uten at endringane kom med, så no får det bli som det er!











Tuesday, July 06, 2010

Juni-ferie i år

Ferien starta tidleg i juni år, og sidan gjekk me frå høgdepunkt til høgdepunkt. Først prøvde me oss som Oslo-guidar og vertar for Sarah og Lester, slektningar frå Chicago. To flotte dagar med byvandring, Grand Hotell, Frognerparken og Frognerseteren. Deretter bar det av stad med buss til pasjonsspel i Oberammergau, lengst sør i Tyskland. Dette spelet blir framført kvart tiande år i den vesle byen med 5000 innbyggjarar, og det har det blitt i meir enn 300 år. Det er byen si takk for at dei blei sparte for pest. Det var ikkje lov å fotografere inne etter at forestillingen hadde begynt. Derfor ser de berre deler av forsamlingen på ca. 5000 personar. Til saman kjem det ca. ein halv million i løpet av 2010 for å sjå det flotte spelet som var ein enorm opplevelse! Men turen hadde også andre kvalitetar. Bussen, som hadde mykje gildt menighetsfolk frå Asker med seg,
tok oss også til flotte byar som Salzburg, Mûnchen, Celle og Dinkelsbühl. Sightseeing, slottsbesøk og
mykje godt bord- og anna fellesskap.

Salzburg sett frå borga der Sound of Music er spela inn. Elles var det Mozart det meste dreidde seg om her.

Siste kvelden med festmiddag i Rådhuskjellaren i Celle. Lystig underholdning ved Evelyn og Kari. Og ingen kjem vel til å gløyma Karen sin beretning om parkeringsproblemer for ein ung s jåfør i Århus!


Fort heim for å feira trippel 60-årsdag med slekta frå Vestlandet. Veret var sånn passe, så me fekk ikkje samla oss så lenge i pausen at forsamlinga blei komplett eller konsentrert.
Me kom oss Jorda rundt på 80 dager, sjølv om begeistringa for stykket ikkje var så enorm. Bursdagslunsjen på Ekebergrestauranten var derimot av god kvalitet. Syns me!


Vidare vestover mot generasjonstreff og samling av dei fleste av far sine etterkommarar. Her ser vi gammal Peder med ung Peter, og dessuten stolt pappa Inge.


Me ventar fortsatt på Kjetil sine bilde av komplett forsamling. Vårt apparat blei ikkje med i trekninga om å blei eit av dei som onkel Hans skulle trykkja på. Her er eit utsnitt av dei som sat i ro ved langbordet som var dekka til 20. Det var ikkje lett å samla alle på eitt bilde! Sju barn frå fem år og nedover; deriblandt fire fødde siste året. Så kapasiteten både her og der blei maksimalt utnytta. Berre ut på "bakkjen" var det alltid god plass til å slange seg, rulle seg eller sparke fotball.


Jammen godt at Marte snart er skulejente. Her trener ho seg med reknepuslespelet som farmor og farfar kjøpte i Tyskland. Isak sitt med dinosaurer blei derimot ein utfordring for farfar, Anne Lise og onkel Hans. Og David sitt puslespel fekk ein knekk. Det er slikt som skjer!


Mandagen måtte me skifta fokus heilt. Då skulle me stå for nedsetjing av urna til Ingridmosto,a og me som aldri hadde vore med på slikt før ein gong! Men Knut blei seremonimeister, Bjørg Eli heldt tale, Paul hadde kopiert songar, onkel Per senka urna, Magnhild spadde over og alle song og sette ned roser .Rektig fint blei det til slutt. Og rosene som blei til rest fekk Marte og Isak sett ned på oldemor si grav.

Og til slutt fekk vi jammen ynskje Emilie velkommen til verden! Vårt sjette barnebarn var for ny til å bli med på slektstreff. Men akkurat passe gammal til å helsa på farmor og farfar heime hos mor og far. Rødhåra, vaken og fredeleg sjarmerte ho oss frå første øyeblikk!