Wednesday, August 11, 2010

Hodlonsjenter på vift!

Plutseleg dukka det opp to syskjebodn heimante, og dei ville til Vollen og drikka kaffe ved fjorden, og deretter på handel i småbutikkane. Slik blei det, og vel heime måtte me posera med generasjonsnetta våre. De ser vel at det er håndtak for barnebarn på sida? No er det ikkje fleire nett i den fargen på Vollen. Sandalane hadde me frå før! Men Ellen fekk seg også ny shorts, og Kirsten tigerskjorte (som ho ikkje har på seg). Grått og vått var det på utfarten vår, men utpå dagen skein det opp så me kunne ta ein enkel pakkeløsning til middag på terassen. Kjekt med uventa besøk!



1 comment:

Anonymous said...

Ja, du e jammen god til å beskriva det me fekk ut av dagen! Verkeleg ein glad sommardag! / Helsing ho med ny shorts