Tuesday, July 06, 2010

Juni-ferie i år

Ferien starta tidleg i juni år, og sidan gjekk me frå høgdepunkt til høgdepunkt. Først prøvde me oss som Oslo-guidar og vertar for Sarah og Lester, slektningar frå Chicago. To flotte dagar med byvandring, Grand Hotell, Frognerparken og Frognerseteren. Deretter bar det av stad med buss til pasjonsspel i Oberammergau, lengst sør i Tyskland. Dette spelet blir framført kvart tiande år i den vesle byen med 5000 innbyggjarar, og det har det blitt i meir enn 300 år. Det er byen si takk for at dei blei sparte for pest. Det var ikkje lov å fotografere inne etter at forestillingen hadde begynt. Derfor ser de berre deler av forsamlingen på ca. 5000 personar. Til saman kjem det ca. ein halv million i løpet av 2010 for å sjå det flotte spelet som var ein enorm opplevelse! Men turen hadde også andre kvalitetar. Bussen, som hadde mykje gildt menighetsfolk frå Asker med seg,
tok oss også til flotte byar som Salzburg, Mûnchen, Celle og Dinkelsbühl. Sightseeing, slottsbesøk og
mykje godt bord- og anna fellesskap.

Salzburg sett frå borga der Sound of Music er spela inn. Elles var det Mozart det meste dreidde seg om her.

Siste kvelden med festmiddag i Rådhuskjellaren i Celle. Lystig underholdning ved Evelyn og Kari. Og ingen kjem vel til å gløyma Karen sin beretning om parkeringsproblemer for ein ung s jåfør i Århus!


Fort heim for å feira trippel 60-årsdag med slekta frå Vestlandet. Veret var sånn passe, så me fekk ikkje samla oss så lenge i pausen at forsamlinga blei komplett eller konsentrert.
Me kom oss Jorda rundt på 80 dager, sjølv om begeistringa for stykket ikkje var så enorm. Bursdagslunsjen på Ekebergrestauranten var derimot av god kvalitet. Syns me!


Vidare vestover mot generasjonstreff og samling av dei fleste av far sine etterkommarar. Her ser vi gammal Peder med ung Peter, og dessuten stolt pappa Inge.


Me ventar fortsatt på Kjetil sine bilde av komplett forsamling. Vårt apparat blei ikkje med i trekninga om å blei eit av dei som onkel Hans skulle trykkja på. Her er eit utsnitt av dei som sat i ro ved langbordet som var dekka til 20. Det var ikkje lett å samla alle på eitt bilde! Sju barn frå fem år og nedover; deriblandt fire fødde siste året. Så kapasiteten både her og der blei maksimalt utnytta. Berre ut på "bakkjen" var det alltid god plass til å slange seg, rulle seg eller sparke fotball.


Jammen godt at Marte snart er skulejente. Her trener ho seg med reknepuslespelet som farmor og farfar kjøpte i Tyskland. Isak sitt med dinosaurer blei derimot ein utfordring for farfar, Anne Lise og onkel Hans. Og David sitt puslespel fekk ein knekk. Det er slikt som skjer!


Mandagen måtte me skifta fokus heilt. Då skulle me stå for nedsetjing av urna til Ingridmosto,a og me som aldri hadde vore med på slikt før ein gong! Men Knut blei seremonimeister, Bjørg Eli heldt tale, Paul hadde kopiert songar, onkel Per senka urna, Magnhild spadde over og alle song og sette ned roser .Rektig fint blei det til slutt. Og rosene som blei til rest fekk Marte og Isak sett ned på oldemor si grav.

Og til slutt fekk vi jammen ynskje Emilie velkommen til verden! Vårt sjette barnebarn var for ny til å bli med på slektstreff. Men akkurat passe gammal til å helsa på farmor og farfar heime hos mor og far. Rødhåra, vaken og fredeleg sjarmerte ho oss frå første øyeblikk!

1 comment:

Unknown said...

Looks like you had a wonderful vacation. We can understand just a little of what you wrote, but the pictures tell the story. Congratulations on your new granddaughter!
Sarah and Lester