Tuesday, December 05, 2006

Adventsstaken - og sirupsspekulasier(?)

Her er adventsstaken som absolutt ikkje ville la seg kopiera inn i forrige innlegg.
Sidan sist har broren min vore her og kalla sirupssnippane for spekulasier, og då blir det alltid eit lite glimt av gamle tider og barndommen då ingen hos oss hadde høyrt noko anna namn på desse julekakene.
I dag er det vørterbrøda som luktar godt frå kjøkkenet. Laga mor det, skal tru?

4 comments:

Anonymous said...

Godt å få en oppdatering på tradisjonene før vi kommer, så Elisabeth kan forberede seg på det som venter ho.

Anonymous said...

ja... eg e litt spent, men glede meg masse og. :)

Anonymous said...

Hei Jorunn!
Det er nett før eg må lage meg ein blogg sjølv!
Det er så koseleg å lesa om dei ulike aktivitetane rundt om i verda!
Me reiser til Bømlo og feirar jul med så mange onklar som orkar å delta. 1.juledag er me inviterte til tante Gerd, det var ein stor og kjekk overraskelse!
God førjulstid til deg og dine!
BjørgEli

jorunn said...

Det blir nok mange onklar som orkar å delta, og som gler seg til jul på Innvær. No har eg nettopp funne fram telefonnummer til blomsterbutikkar så eit par av onklane får seg ei helsing til jul!Kariann og baby Isak har reist med hurtigbåt frå Bergen til Sogn i dag, så me var glad då me høyrde dei var kommen vel heim. Håper det blir lagleg ver når "alle" skal komma hit i jula!