Friday, December 01, 2006

ADVENT - Same procedure ........


Det er så lett å tenkja at me ikkje har så mange tradisjonar me som flyttar omkring og ikkje har slekta her til å halda oss i øyrene. Men no som jula nærmar seg ser eg at det er jo eit og anna likevel. Først måtte eg henta fram adventsstaken som eg no har tent ljos i for omtrent førtiande gong. Den kjøpte eg for "eigne" pengar den første hausten eg var i arbeid i Tysvær. Lysmansjettane er frå ei julemesse på Kvitsund cirka 20 år seinare, og dei hanglar litt no.

Adventsstjerna er frå Panduroperioden omtrent på samme tida. Den er av tynt tremateriale, og eg har bekymra meg for brannfaren i alle desse åra, men eg vil nødig slå av lyset om natta. (Knut trøystar med at det er berre 15 watt, og det er visst for lite til å ta fyr!) Den sjuarma lysestaken i kjøkenglaset har me berre hatt i ti år. Før den var det onkel David sin, og me set set ekstra pris på å ha hans helsing som følgjer med i øskja. Så den staken må me ha fram!


I snart tjue år har eg baka sirupssnippar etter samme oppskrift; nemleg frå kokeboka som eg fekk av Suvatne til 40-årsdagen. I like mange år har eg gløymt at oppskrifta er altfor stor. Trur det blei elleve eller tolv brett! Men eg syns i alle fall at dei er gode, og så mykje fleire småkaker blir det vel ikkje.
Ein av dei nyaste tradisjonane er besøket i "Sareptas krukke" den første helga i advent. Eit av uthusa til Asker prestegård er gjort om til salgsbod for Sidsel som lagar særeigne keramikkenglar og mykje anna av beste klasse. Sarepas krukke er vel verdt eit besøk, ikkje minst når me veit at presten og hans kjøkkenskrivarar serverer kaffe og kringle inne i dei trivelege stovene. Kanskje hovedgrunnen til at Knut blir med på keramikk-kjøp.

Litt nytt for året bør det også vera. Turen til Israel i haust er ein av grunnane til at me i kveld såg den nye filmen Veien til Betlehem. Den var kjempefin. Boka Barnet og byen; en bok om Betlehem(av biskop Kvarme) er tenkt som adventslektyre. Og heilt ny julepynt innkjøpt i Betlehem, ligg i kartongane sine og ventar på å bli teken i bruk. Så jo, det er godt med tradisjonar, både dei gamle og dei heilt nye!

Nemnde eg forresten juleposten? Striemappa heng på plass på kjøkkenet og ventar på å få helsingar frå gamle og nye venner. Så kva ventar de på, folkens?

No comments: