
Det er første gong på mange år at me ikkje er på Kvitsund på jubileum på Kristi Himmelfartdag. I år blei det Gupu på oss. Gupu er eit gammalt bruk inne i Vestmarka, og her får ein servering i helgane. Ikkje minst har dei ei fortreffeleg sjokoladekake som nok desverre er farleg full av kaloriar. Ofte rekk køane til langt ut på tunet. Til Gupu kjem me når me kjører bil i fem minuttar og så går ein times tid innover. Men det er også andre turvegar dit, frå ulike delar av Asker og Bærum. No har det regna mykje og i mange dagar, så me putta regntøy i sekken sjølv om det var opphald i dag. Regnjakken eg fann var fin og ny og slett ikkje min, så eg sende ei melding til to svigerdøtre og til Randi Hernes. Kanskje nokon sakna jakken sin? Så drog me langt inn i skogen der det ikkje var så mange i dag. Men til sjokoladekaka på Gupu tikka meldingane inn: Først regnversrapport frå Indre Sogn på eit dertil passande sognamaol, deretter på rogalandsdialekt, men sendt frå Trondheim. Like bak kom melding frå Randi, ikkje frå nabolaget slik eg trudde, men sendt frå Houston, der ho jobba ved datamaskinen i 30 varmegrader! Den vide verda inn i stovene på Gupu. Men jakka ville ingen vedkjenna seg. Då me skulle til å gå kom det to professorar inn døra. Den eine var den 94 år gamle filosofen og fjellklatraren Arne Næss. Me har sett han som sprekingen mot Mount Everest, men no strevde han med å komma inn dørane. Den motoriserte trehjulssykkelen stod utanfor, og ved si side hadde han fysikkprofessor Øyvind Grønn som Knut har stor sans for. Regnver blei det lite av, heldigvis, men me måtte forsera ein del mindre innsjøar for å komma oss velberga heim, denne gongen ein liten omveg. Det er elles ei flott tid å gå ute i skogen på. Både fuglar og blomar og folk til fots, på sykkel, med barnevogn eller til hest, lyste opp mellom trea.

PS! Vel heimkommen melder Per Helge at det antakeleg er hans regnjakke!
3 comments:
Viss det er den jakka eg trur det er, så er det ikkje ei regnjakke! Den er kul og sporty, og skal være sånn. :)
Ja, var det ikkje det eg tenkte! Den var ikkje heilt tilpassa min figur. Pappa hadde også ein regnjakke som du hadde gløymt
Femi Per Helge?
Eller er det svigerdøtrene som nå må tolke om det er positivt eller negativt å ha samme figuer som PH?......
Post a Comment