Wednesday, May 17, 2006

Om å bli invitert - og takke ja!

Det er fint å bli invitert! For fire år sidan var vi heilt nye i Asker og var svært glad for å få ein invitasjon til 17.mai-lunsj hos familien Hagemo. I dag har vi vore der for femte gong, og det er ein hyggeleg tradisjon. Mykje god mat (spleis), lystig og nasjonal sang, og ikkje minst mange koselege folk omtrent (svært omtrent) på vår alder. I dag blei det for første gong innever, men det blei sikkert plass til førti rundt borda. Eg var så heldig å få havna inne i ein bokkrok, saman med to andre bibliotekarar. Det er ikkje ofte.
Men me har fått andre invitasjoner denne våren: Konfirmasjonen til Ida Kristin var me med og feira med brask og bram sist søndag. Her ein dag dumpa det ned ein koseleg liten konvolutt i posten. Åsa skulle feira sin 60-årsdag med stort hageselskap i juli, og me er inviterte. Me vil gjerne komma, Åsa, og jentene dine skal få beskjed. Smart å ordna seg med arrangementskomite! Den årvisse invitasjonen til jubileumsfest på Kvisund har me også liggjande. Men i år kan det henda at me lar den liggja til fordel for eit større oppussingsprosjekt her i huset. Godt me ikkje skulle ha gjester i dag. Likevel - hipp hurra for 17.mai!

3 comments:

Anonymous said...

Det er moromt å lese og se bilder fra både konfirmasjon og andre steder. Jeg ser nå hvor du har fått ideen om en kommite :)

jorunn said...

Tja, søster til onkel Audun har hatt ein langvarig komite til sin 60-årsdag, og det har resultert i tre veker i Kenya for jubilanten og seks gjester, som eg nok trur skal betale turen sjølv........

Ottar said...

Hei! Jeg må bare si at dere må hilse til Ida Kristin fra hennes gamle barnekordirigent!! Så koselig å se bilder! Hilsen Maria Midtrød( kona til Ottar...venner av Agnar og Johanna)