Wednesday, April 05, 2006

Bok-kaffe på Tranby

Det hender ein må stilla seg lagleg for hogg i embeds medfør, og når utlånet av vaksen skjønnlitteratur går nedover, så må me prøva å foreta oss eit eller anna. Så i dag hadde me invitert til eit såkalla "lågterskel-tilbod" på biblioteket på Tranby; nemleg bok-kaffe kl. 11.00. Litt prat om bøker ved tre utvalde (eg var ei av dei), og sidan kaffe og drøs. Det mest spennande når ein startar opp noko nytt, er om nokon har oppfatta at dette er aktuelt for dei. Det var faktisk to andre ting på gang akkurat samtidig på Tranby, og så mange er det ikkje som kan komma frå midt på blanke formiddagen. Men me blei 13 med stort og smått. Og folket koste seg! I tillegg til mine bokpresentasjonar av dei kanadiske forfattarane Margareth Atwood og Alice Munro, så fekk me høyra om bøkene til den jødisk-amerikanske forfattaren Chaim Potok, og om bøker frå Afganistan (Drageløperen av Khaled Hosseini og Der Gud gråter av Siba Shakib). Sjokoladekaka som blei til rest etter at komfirmantane i Asker hadde fått sitt som takk for vel utført fasteaksjon i går, den gjekk ned på høykant på Tranby. Alle ville gjerne komma igjen, og vi har alt fått frivillige til neste månads bokpresentasjon. Så forhåpentlegvis er bok-kaffen kommen for å bli.
Har andre gode forslag til å få opp interessa for skjønnlitteraturfor vaksne (minus krim, for den går av seg sjølv!) , så legg gjerne inn ein kommentar!

No comments: