Sunday, April 30, 2006

Den gamle og den nye tid



Tida går fort. I veka som gjekk har hundreåra rulla forbi, og då syns eg tida går ekstra fort. På "bildet" her (laga av svoger Harald) ser vi to små morlause jenter som ein dag på slutten av 17.hundretalet står på kaien i Foldrøyhamn og ventar på at faren skal komma til lands med ei stemor. Ho skulle seinare bli mi tipp-tipp-oldemor og er sentral i den jobben eg ein gong gjorde for å finna ut av formødrene mine. Men her om dagen fekk eg eit brev der ein mann jaktar på sine formødre, og han lurer på kva eg veit om mor til dei to jentene! Det var ikkje stort, men eg trur nok han finn ut av det.

Mandag blei eg ført direkte inn i 1800-talet ved hjelp av Les Misebles. Det var elevar på KG som hadde ein strålande forestilling i Filadelfia. Det er utruleg kva amatørar kan få til! Dei eg omgås til dagleg har det meste av sitt liv i det førre hundreåret, så det kjenner eg vel best. Men her ein av dei fine ettermiddagane denne veka hadde eg min første ettermiddagslur på terassen etter å ha teke ein runde for å sjå alt som stakk fram til nytt liv etter denne lange og snørike vinteren. Sitjande i halvdøs var det eg såg den nye tid: Ut av sokkeletasjen i huset rett i mot myldra det av nybakte mødre og barnevogner! Sist sommar, før alle forsvant inn til den lange vinteren, så hadde eg observert at det måtte bu eit ung par der. Dei sat ofte ute, og rett mot oss. Så i løpet av vinteren var dei altså blitt tre. Så fekk vi også kanskje svar på kvifor det har vore så mykje fullt lys der om natta i det siste. Det er mangt som viser seg når våren kjem!

Tuesday, April 18, 2006

Påskeslutt


Agnar har alt lagt ut bilde frå påskenaturen i Åsgrend og Kviteseid, så eg får konsentrera meg om innelivet. Eg er godt fornøgd når alle tre sønene kjem for å feira påske i ei lita hytte uten straum og vatn. To svigerdøtre og ei canada-veninne. Kariann og Marte heldt seg i Førde, så dei sakna me, men elles var det folk nok! Eg og Knut var på hytta i heile ni dagar, mens dei andre kom og reiste. Programmet var tradisjonelt og godt: Litt skiturar, litt gåturar, litt kaffebesøk og litt kyrkjegang. Tradisjonen tru var Agnar og Knut med og song med Kviteseid kyrkjekor frå galleriet i Kviteseid kyrkje første påskedag. Etter messa var det kaldt regn, men det hindra ikkje folk i å bli ståande og drøsa på kyrkjetrappa. Mykje godt kjendsfolk for gammal og ung. Innimellom var det gråver og matlaging og oppvask. Johanna kom med ny påskeduk til spisebordet og ei aldeles nytova høne til påskeegga! Per Helge og Elisabeth tok seg på tak og desiferte bestemor sitt gamle vaffeljern før det blei teke i bruk til vaffelsteiking. Dei smakte rektig godt, så det blir nok gjort fleire gonger. Morsomt også at Per Helge klarte å spela ein påskesalme på på meir eller mindre fylte saftglass!Knut briljerte med sitt nye steiketermometer som blei bruka til å sjekka både varme og kalde temperaturer, bl. a. då han grilla eplekake! Inge disponerte annekset der han sov i ny seng, men i kald temeratur. Brødrene hans takla ikkje kulden så godt. Og Jen frå Calgary såg med store augo på alt dette som skulle vera Norge! Alt i alt hadde me det bra.
Men håpet om vår i Asker då me kom attende blei ikkje akkurat innfridd. Aldeles uten håp er det likevel ikkje, for slik såg det ut ved inngangsdøra 17.april:
Kanskje ikkje heilt lett å få auga på gule og lilla krokus, men dei er der!

Wednesday, April 05, 2006

Bok-kaffe på Tranby

Det hender ein må stilla seg lagleg for hogg i embeds medfør, og når utlånet av vaksen skjønnlitteratur går nedover, så må me prøva å foreta oss eit eller anna. Så i dag hadde me invitert til eit såkalla "lågterskel-tilbod" på biblioteket på Tranby; nemleg bok-kaffe kl. 11.00. Litt prat om bøker ved tre utvalde (eg var ei av dei), og sidan kaffe og drøs. Det mest spennande når ein startar opp noko nytt, er om nokon har oppfatta at dette er aktuelt for dei. Det var faktisk to andre ting på gang akkurat samtidig på Tranby, og så mange er det ikkje som kan komma frå midt på blanke formiddagen. Men me blei 13 med stort og smått. Og folket koste seg! I tillegg til mine bokpresentasjonar av dei kanadiske forfattarane Margareth Atwood og Alice Munro, så fekk me høyra om bøkene til den jødisk-amerikanske forfattaren Chaim Potok, og om bøker frå Afganistan (Drageløperen av Khaled Hosseini og Der Gud gråter av Siba Shakib). Sjokoladekaka som blei til rest etter at komfirmantane i Asker hadde fått sitt som takk for vel utført fasteaksjon i går, den gjekk ned på høykant på Tranby. Alle ville gjerne komma igjen, og vi har alt fått frivillige til neste månads bokpresentasjon. Så forhåpentlegvis er bok-kaffen kommen for å bli.
Har andre gode forslag til å få opp interessa for skjønnlitteraturfor vaksne (minus krim, for den går av seg sjølv!) , så legg gjerne inn ein kommentar!