Thursday, March 30, 2006

Husets herre rår seg fritt for tida!

















Veggene til "veslestova" er slått ut, og den innerste kroken er gjort om til snekkerverkstad. Her og på spisebordet har Knut alle "sakene"sine. Slik har han visstnok alltid drøymt om å ha det. Smått om senn skal denne mørke, kalde kroken bli lys og vennleg, parkett skal leggjast og dei 20 år gamle salongmøblane skal skiftast ut dersom me finn noko likande. I alle fall drar me til Lillestrøm på boligmesse no i helga.

Vårsola skin varmt og lyst inn i dag, men snødjupna på flatmark i hagen er nettopp målt til 80 cm, så det kan bli mykje innearbeid før me flytter oss ut. Kanskje det blir bar mark til 17.mai?
Me har også tenkt å få med oss ein konsert i Grorud kyrkje laurdag kveld. Der skal svoger Nils opptre med sitt Nesodden-kor.

Sunday, March 26, 2006

Bibliotekmøte i Trondheim

Fire dagar med fagleg input, drøssevis av kjende og endå fleire ukjende bibliotekarar frå heile landet, litt by- og kafeliv, flott festmiddag med elegante festtalar. Det er litt av det som ligg bak meg denne veka. Nærare 800 bibliotekfolk på ein plass, og diskusjonane gjekk om Bibliotekscenarier 2020, felles synleggjering, opphavsrettslovgiving, poenget med bibliotekstatistikk og KOSTRA-tal, mangfold og inkludering i eit fleirkulturelt samfunn, samt mange debattar som eg ikkje kunne få med meg.
Heile mitt yrkesliv for forbi ettersom "dei gamle" og kjende dukka opp. Nokre tok eg eksamen saman med for 34 år sidan, andre kjende eg frå studietida for ti år sidan. Mange ansikt dukka opp frå Telemarkstida, og her kjende eg dei fleste. Det kan ikkje ha vore stor utskifting på ti år! Elles ser eg at eg bur på grensa mellom Akershus og Buskerud og det gjer at kontaktane reint fagleg blir få her. Men det har alltids vore kurs og møter der eg har møtt folk eg no såg igjen.
Og så var det massevis av stands då! Her såg eg damene som lyser mot oss frå baksidereklamen frå Biblioteksentralen og ansikt bak dei blide trønderstemmene frå Lydbokforlaget. Reiseleiaren frå Egyptreisa, dei som hittil berre har vore namn bak artiklane i fagblada. Og mange fleire. I det heile tatt var det for mange å forhalda seg til, så eg trur nok det blir mitt siste bibliotekmøte (det er berre annakvart år). Noko av det beste var kanskje talen ved festmiddagen. Ola By Rise hadde dei 800 i si hule hand i 10-15 minuttar og framførte både ris og ros til bibliotekfolk på elegant rim!
Elles var eg på pen restaurant med Elisabeth og Per Helge. Elisabeth hadde funne ut at det var så pent at ho sende melding heim til Per Helge at han måtte ta på seg skjorte. Godt at andre tek over!
Det mest overraskande møte fann stad inne i ein heis som ikkje ville gå. Det var på Trondheim folkebibliotek og brannalarmen hadde nettopp vore utløyst. Ved sida av meg stod ein kineser med store solbriller, og ved nærare ettersyn såg eg at det var Phillip som Per Helge budde med på Kvitund. Både han og dei andre to lånte bøker; Elisabeth endogtil på tysk! Lukka for ein bibliotekar må no vera at folk låner og les!

Vel heime blir eg møtt av ein stakkars mann som har skamslått seg etter å ha falt på isen, mista nøkkelknippet sitt, slått ut ein vegg og øydelagt motorsaga. I tillegg har han blitt dugeleg forkjøla. Så livet går sin skeive gang både her og der!

Sunday, March 12, 2006

Karl Yngve ordinert til prest



Den store hendinga fann stad i Notodden kyrkje i dag. Me hadde fått fin invitasjon og var tidleg på plass i kyrkjebenken saman med mange andre. Gamle og nye kjende, familie og venner, biskop og prestar. Ny salme var dikta i anledning dagen. Seremonien var høgtideleg og fin, og den nybakte presten klarte seg godt på preikestolen og bak alteret.

Deretter følgde kyrkjekaffe med smekkfullt menighetshus og mange såkalla helsingar. Seinare blei det middag med ditto talar. For oss som best kjende den vesle villbassen i nabohuset med hovudet fullt av krøller var det ein ny pastor Bergkåsa som steig fram. Til og med krøllene var borte, både hans og Morten sine. Broder Morten var vel den som kom lengst frå. Både han og kjærasten kom frå Trondheim, mens tante og onkel og diverse kusiner kom frå Molde for å vera med å feira den store dagen. Storebror Eivind kom frå Oslo, og ein fin tale hadde han med seg til veslebroren sin. No gler vi oss alle til å høyra meir frå den nye presten.
Her ser vi Karl Yngve i front på tur med familien Aasland i ein langt tidlegare periode av sitt liv. Det var den dagen som enda med at faren skar seg dugeleg med samekniven sin, men han kom velberga frå det (den gongen også!) Meir enn 20 år seinare er det kanskje den neste generasjon som skal ta dei største utfordringane.

Sunday, March 05, 2006

Innværjenter - og Ona fyr


To Innværjenter møttest i dag - midt i den norske hovudstaden. Randi er snart seksti år og har budd dei fleste av dei på Innvær der ho og Paul no er i full gang med å byggja seg nytt hus. Moste Ingrid har fylt nitti, og Innvær er snart det einaste ho har klare minner om. På sjukeheimen i Oslo er det svært få ho kan dela desse minnene med. Eit lukketreff derfor at Randi kunne bli med oss og dela litt nytt frå gamlegarden og senda helsingar heimover. Kaffe med sjokolade og kransekake blei det også, sjølv om oppdekninga kanskje ikkje nådde opp mot eit Kallevågsk nivå.
Eg veit ikkje, men kanskje Innvær funklar for mosto slik Ona fyr funkla for Ingebrigt Steen Jensen. Noko å orientera seg etter. Til vår store forbauselse (!) har me dei siste vekene høyrt oss gjennom lydboka der forfattaren gir oss del i sine tankar om kva som skal til for at ei bedrift eller ein frivillig organisasjon skal lukkast. Vi starta fordi vi trong ei lydbok på turen fram og attende til hytta, men held fram fordi det heile var morsomt, tankevekkjande og svært treffsikkert formulert. Var vi ikkje så interesserte i tema i utgangspunktet så blei vi det etterkvart. Kan anbefalast til alle, sjølv om mange nok alt har lese boka!