Thursday, February 23, 2006

Vinterferie i Åsgrend!



Fire flotte dagar med kvit snø, blå himmel og strålande sol. Ser de sporet på taket av hytta? Det er Knut som har sjekka om det er noko (f.eks. snø) som stenger for røyken ut av pipa. Det var nemleg ikkje råd å få fyr i omnen då me endeleg kom inn til tre minusgrader etter å ha vassa i 80-90 cm laussnø frå bilen. Men då me opna luka inn til skorsteinen såg me grunnen: Inne i skorsteinen var det store mengder snø som måtte lempast ut på golvet og så vidare ut i snøfonna. Det blei varme til slutt, og me fekk fine skiturar mot Skorve og i Håtveitgrenda i Morgedal. "Dei innfødde" må ha reist til Syden, for me såg omtrent ikkje ei sjel, endå så fine løypene og veret var. I Morgedal har me gått same løypene i snart 30 år, og det blir mykje mimring om tidlegare strabasar med gutane. Det var så laaangt og så bratt og glatt. Vottane datt av og skiskoa var for små. Men dei svidde pølsene var gode og kakaoen passe varm og god, og det samla seg mange kilometer på skikorta. Hopprenn med Bergkåsane var gøy, og snøholene var flotte med lys i. Når motgangen strøymde på så måtte me hugsa på å komma med smådesperate og oppmuntrande tilrop om at dette går så bra og dette er så gøy! Det er som å få eit ekko når eg no har dei der på telefonen frå kvar sin snølause vestlandsby: Du har vel skikkelege gamasjer mamma? og truger når snøen er så djup? Eg høyrer den snø- og skihungrige klangen i stemmene deira når dei misunner oss ver og føre. Så kanskje var dei mange strabasisiøse turane i Morgedal og på Vrådalheia og i Silkedalen umaken verdt. Dei blei glad i snø og ski og i Telemarksnaturen.
Før var me yngre og sprekare, men så fekk me heller ikkje den oppvartinga som blei oss til del hos Mosdøl på tysdag etter skituren: Store håndklede og varme dusjar, og deretter middag med dessert og kaffe med kake. Ragnhild og Hadle var der også og drøste med oss om stort og smått. Til slutt blei me med dei heim og fekk den nye boka som er laga med ei samling av historiane som faren til Hadle har skrive gjennom eit langt liv. Vel heime i Asker kosar me oss med den. Morsomt og levande!
Mykje for kropp og sjel har den korte ferien gitt oss. Ein nytelse også å lesa Frode sin berettelse i hytteboka.

3 comments:

Agnar Aasland said...

WOW, for et fantastisk bilde!!! Vi må komme oss dit snart!! Det stemmer nok at det var strabasiøst snart, men det var definitivt verdt det. I morgen tar vi turen til Sirdalen og tar oss en langrennstur med pølser, appelsiner og solbriller. Savner snøen i Stavanger, men håper det blir litt meir i Mandal. Det er iallefall nærmere hytta.....
Bra skrevet mamma!
aaa

Anonymous said...

Ja, Jorunn, eg blir heilt rørt eg. Av bilder og forteljingar frå Kviteseid, og bilder av gode venner som eg kjenner igjen. Kult at du har oppretta blogg. Ein set ekstra stor pris på slike kvardagsforteljingar når ein er så veldig langt vekke som eg er nå. Det var stor stas å ha Agnar og Johanna her i januar. Godt å ha gode barndomsvener. Hels Knut, da!

Eirin

Anonymous said...

Kjekt å lesa korleis de hadde det på hyttetur før , og nå. Ser flott ut. Håpar me får oppleva å koma dit eingong.