Sunday, December 31, 2006

O jul med din glede

Dette blir jula i bilder hos familien Aasland med stort og smått. Åtte vaksne og to små. Det var naturleg nok dei små som blei hovedpersonane.



Det blei pakkar og juletregang,mat og familiebesøk, pianospel og brettspel, sjukeheimsbesøk, og passe dosar matlaging, oppvask og støvsuging.

Men kva gjer vel det når ein har så gode assistentar!
Opptil fleire av familien fann vegen til kyrkja både julafta og første juledag. Mellom dei var Marte. 1.juledag fekk ho gå med farfar opp til altaret for å ofra i kollekten. Den vesle dama i rosa duffel og farfar så stolt som ein hane fekk mange blikk, og etterpå kom kommentarane til farfaren frå fleire andre kyrkjegjengarar: "Du var så pen i dag! Stoltheten og kjærleiken til barnebarnet gav deg så flott glød i ansiktet!"
Slik er det med kjærleik, og slik er det med barnebarn. Slik var det med den jula som gjorde oss gladare inni og kanskje til og med litt vakrare utanpå.

Tuesday, December 05, 2006

Adventsstaken - og sirupsspekulasier(?)

Her er adventsstaken som absolutt ikkje ville la seg kopiera inn i forrige innlegg.
Sidan sist har broren min vore her og kalla sirupssnippane for spekulasier, og då blir det alltid eit lite glimt av gamle tider og barndommen då ingen hos oss hadde høyrt noko anna namn på desse julekakene.
I dag er det vørterbrøda som luktar godt frå kjøkkenet. Laga mor det, skal tru?

Friday, December 01, 2006

ADVENT - Same procedure ........


Det er så lett å tenkja at me ikkje har så mange tradisjonar me som flyttar omkring og ikkje har slekta her til å halda oss i øyrene. Men no som jula nærmar seg ser eg at det er jo eit og anna likevel. Først måtte eg henta fram adventsstaken som eg no har tent ljos i for omtrent førtiande gong. Den kjøpte eg for "eigne" pengar den første hausten eg var i arbeid i Tysvær. Lysmansjettane er frå ei julemesse på Kvitsund cirka 20 år seinare, og dei hanglar litt no.

Adventsstjerna er frå Panduroperioden omtrent på samme tida. Den er av tynt tremateriale, og eg har bekymra meg for brannfaren i alle desse åra, men eg vil nødig slå av lyset om natta. (Knut trøystar med at det er berre 15 watt, og det er visst for lite til å ta fyr!) Den sjuarma lysestaken i kjøkenglaset har me berre hatt i ti år. Før den var det onkel David sin, og me set set ekstra pris på å ha hans helsing som følgjer med i øskja. Så den staken må me ha fram!


I snart tjue år har eg baka sirupssnippar etter samme oppskrift; nemleg frå kokeboka som eg fekk av Suvatne til 40-årsdagen. I like mange år har eg gløymt at oppskrifta er altfor stor. Trur det blei elleve eller tolv brett! Men eg syns i alle fall at dei er gode, og så mykje fleire småkaker blir det vel ikkje.
Ein av dei nyaste tradisjonane er besøket i "Sareptas krukke" den første helga i advent. Eit av uthusa til Asker prestegård er gjort om til salgsbod for Sidsel som lagar særeigne keramikkenglar og mykje anna av beste klasse. Sarepas krukke er vel verdt eit besøk, ikkje minst når me veit at presten og hans kjøkkenskrivarar serverer kaffe og kringle inne i dei trivelege stovene. Kanskje hovedgrunnen til at Knut blir med på keramikk-kjøp.

Litt nytt for året bør det også vera. Turen til Israel i haust er ein av grunnane til at me i kveld såg den nye filmen Veien til Betlehem. Den var kjempefin. Boka Barnet og byen; en bok om Betlehem(av biskop Kvarme) er tenkt som adventslektyre. Og heilt ny julepynt innkjøpt i Betlehem, ligg i kartongane sine og ventar på å bli teken i bruk. Så jo, det er godt med tradisjonar, både dei gamle og dei heilt nye!

Nemnde eg forresten juleposten? Striemappa heng på plass på kjøkkenet og ventar på å få helsingar frå gamle og nye venner. Så kva ventar de på, folkens?

Thursday, November 23, 2006

Hurra for Marte 2 år!


Hei Marte! Gratulerer med dagen. No har eg nettopp sett bilde av deg og Isak i avisa. Det var mange som hadde bursdag i dag. Har du hugsa dei hemmelege pakkane som eg og du gøymde i skapet nede i kjellaren sist farmor var på besøk? To av dei kunne du ta opp i dag, mens den største må venta til jul. Kanskje du har gjester og gode kaker også? Farmor ville gjerne komme og smakt, så slapp ho å sitja her heime og eta fiskesuppe heilt åleine fordi farfar er ute og leikar med gutevennene sine. Ha ein fin dag!

Forresten stod det bilde av ein heilt ny tremenning i Veslebladet(VTB) i dag. Det var vesle Eirik som hadde komme til Synne og Odd på Møsstrond. Vi gratulerer dei også!

Tuesday, November 14, 2006

Nytt novemberbarn!

Aaslandsfamilien aukar. Ei lita jente kom til Kari og Bjarte i går, og her har Isak blitt storebror. Får han også snart ei kusine/ein fetter skal tru?

Wednesday, November 08, 2006

Dette er Isak og Marte!



Slik såg han ut første gongen me såg han på sykehuset i Førde. Me sette oss på eit Widerøe-fly rett vest i tåkehavet og landa der etter tredje (og siste?) forsøk søndag ettermiddag. Marte og Inge venta oss ved sjukehuset og tok oss rett opp for å sjå "broren" eller Isak som Marte alt har lært seg å sei. Ho var ei omsorgsfull og kjærleg, men også litt tapper storesøster. Mor og baby var i forbausande god form, så måndag kveld kom dei heim til Rennekleiva, og alt tysdag føremiddag var vi alle ute på tur med ny tvillingvognMarte var tillitsfull med ein gong og let farmor både stella og leggja seg, berre ho hadde "bille på sig!" Det var fint å treffa dei alle, og no gler oss berre til både dei og dei andre kjem til jul.

Thursday, November 02, 2006

Sonesonen kom i dag!

Vi venta lenge, men i dag kom guten til Kariann og Inge i Førde. 51 cm og 3850 g. Det var tøft for Kariann, men me trur ho får godt stell på sjukehuset, så ho kan komma seg litt til hektene før ho kjem heim. Me takkar for innsatsen og gler oss til å sjå vedunderet!

Sunday, October 15, 2006

Israelsbilder

1. Bebudelseskirken i Nasareth. Omtrent alle bibelske stader der vi kom var det bygd katolske kyrkjer. Dette er den største i Mistøsten med sitjeplass til 5000. Ho er via til jomfru Maria.

2. Genesaretsjøen omtrent på staden for Peters fiskefangst
3. Den andre sida av Genesaretsjøen der vi bada og budde på Ramot kibbutz
4. St. Peters fisk
5. Vi "ligg" til bords i ein beduinleir
6. Frå Holocaustmuseet. Denne vesle guten blei drept i Auschwitz mens foreldre overlevde, og då dei etter krigen tente mange pengar bygde dei dette museet til minne om sonen og dei 6 mill. andre jødane som miste livet. Navn på alle dei jødiske barna blir lest opp kontinuerleg, og det vil ta ca 3,5 år før ein har komme gjennom lista ein gong.
7. Vi kom den veka heile Israel var pynta til Løvhyttefest. På vårt hotell var det lagt palmetak på heile terassen som for anledningen var gjort om til spisesal.
8. Dei første nettene budde vi på det store hotellet vi har bak oss til høgre. Det var her vi hadde "løvhytteterasse".
9. Klagemuren sin mannsavdeling

Ta ein tur til Israel, folkens! Det var ein enormt stor opplevelse som ikkje lar seg gjenskapa på bilder. Det er bibelkunnskap, natur, kultur, politikk, badeferie, handleturar og fellesskap. Mellom anna.

Friday, October 06, 2006

Jerusalem kaller!

Har hatt to fantastiske dager i Jerusalem. Kjem no fra gudsteneste i Golgata-hagen. Prest var Karl Johan som vigde oss, og det var opptil fleire andre fra Melingskretsen der. Elles har nok krigen sett sine spor paa den maaten at det er faa turistar her. Me er einaste gruppe (ca 70 strilar i tillegg til oss) paa hotellet som er nytt og fint og tidleg paa dagen daa me var op Holocaustmuseet (utruleg!) hadde guiden aldri sett saa faa folk. Me har kristne reiseledere, jodisk (svenskfodt) guide og muslimsk arabisk sjaafor. Det siste har vore litt av ein utfordring i dag ettersom ca. 100.000 muslimar feirar slutt paa Ramadam oppe paa Tempelhoyden. Elles er det roleg og fint. I gaar var vi i Kaifas hage og saag forhorsrom der truleg Jesus blei avhoyrt og gjekk opp dei samme trappene som han gjekk. Alt er saa ner og saa konsentrert paa liten plass. I morgon er det Oljeberget og Getsemane. Saa drar vi sorover for aa feira den store orkenfesten. Mykje sang ettersom gruppa har med ein kjempeflink musikklerar fra Frekhaug. Har faatt mange bursdagsmeldingar i dag, saa takk til alle. Kanskje blir det fleire Israelsbloggar, men dette er nok det mest oppdaterte hotellet.
Forresten fekk me oppleva Jerusalem i soloppgang den morgonen me kom hit i sekstida! Ikkje stort sovn, men me held koken.

Tuesday, September 26, 2006

Damer på by'n

Det er ikkje så ofte eg er med på å feira 91-årsdag, men no i helga kom Magnhild og Bjørg Eli ifrå Bergen for å feira mosto. Så her er me altså på Bølgen & Moi på Høvikodden. Legg merke til dei flotte porsjonane våre, mens mosto nøyer seg med kjøttboller i pasta. Men gravlaks til forrett og sjokolademiks til dessert var heller ikkje å forakta. Etterpå gjekk me heim og kvilte middag før me gjekk over til kaffi og kaker.



På søndag gjorde eg og Magnhild ein tapper innsats for å finna ut kor Guro befinn seg akkurat for øyeblikket. Ikkje før var Guro i Vinje kommen heim før Guro i Bergen la ut på jordomsegling. Dvs. segling er det visst lite med, ettersom det for tida dreier seg om den transsibirske jernbanen. Me fant Irkutsk, Guro, og veit at du no er kommen omtrent til Mongolia. Dersom du kjem til hovudstaden i Mongolia og høyrer nokon snakka norsk, så kan det fort vera ein av barndomskameratane til Agnar og Inge. Jan Tore Foldøy (og kona hans) er stasjonert der som flyver for MAF (misjonsfly). Guro rapporterer på sin blogg, men minuset er at ho reiser med ei engelsk veninne og skriv alt på engelsk. Eg skal no prøva å kommentera på norsk. Dei har tenkt å reisa i eit heilt år med litt veterinærjobbing underveis. Ho skriv om svette forhold og lite vasking på alle på jernbanen, og det tenkte eg på i gårkveld då eg var ute på stavgangstrim med tjue svette damer. På slutten lukta det nok omtrent som i Sibir.
Elles brukte me litt av søndagen til å høyra på små videoopptak. Per Helge spelar påskesalme på glass, Ida Kristin og jentene til Jan Gustav helsar til mosto, og ho les høgt på høstfesten på sykehjemmet. Angra på at eg ikkje hadde med og gjorde eit lite opptak på søndagskvelden då me var på sangkveld på menighetshuset. Gamle salmer, mange flotte stemmer og stor sangglede gjorde det til ein opplevelse!
Elles ventar me kvar dag på Israelsbillettar. Onsdag 4.okt. drar me, så det er rimeleg å tru at neste blogghelsing kjem frå Jerusalem. Det blir spennande!

Tuesday, September 12, 2006

Dyrsku'rapport


Dette er ei helsing til dei som ikkje kom seg på Dyrsku'n i år. Spesielt gjeld dette Jens og Aud i Luster som me hadde gleda oss til å få med, men no får det bli eit anna år. Då kan kanskje også Agnar og Johanna også bli med. I år såg Agnar seg nødt til å "spise kirsebær med de store" i hovudstaden, mens Johanna tok seg av dei som har det tøft i Farsund. Veldig mange andre var der, både av folk og dyr. Me traff både lensmann og prest, samt biskop og diakon. Gamle kolleger og venner traff me og dertil litt av slekta og opptil fleire ekte bønder! Og kyr! Både ekte og dei i store i plast. Dei siste var det som var uvanleg denne gongen. Elles gjekk alt som det pleidde: Først - og sist- stod Kvitsundrussen og ba om pengar til prosjektet sitt, og det måtte dei jo få. Deretter var det fløytespelarane frå Sør-Amerika. Jammen kjøpte me CD av dei også. Og så var det berre å trava att og fram i godveret.
Og der kom jammen grisebonden frå Bamble. Sigmund og Inger Marit av på vei heim til dyra sine, men dei fekk no fortalt at odelsguten var ventande heim frå misjonering i Thailand til jul. Og det såg dei veldig fram til, Espen! Eg trur nok de får rørte tyttebær til middagen, for dei hadde nokre fine tuer i kikkerten til heimvegen.
Seinare traff me ein ny Bamble-bonde, nemleg odelsguten til Åsland. Han har ikkje dyr på båsen, men held seg med katt og doktorgrad i byen.Eigentleg var det faren og dei to eldste brødrene hans som skulle ha vore der. Lars kunne då, i ein alder av 70, fått truffe den læraren som han hadde i folkeskuleåra på Farsjø. 86 år gamle Einar Lia farta omkring på Dyrsku'en og snakka vel om dei gamle elevane sine og om kor fint det hadde vore å vera ungdomsskulelærar i Skien dit han kom etter Farsjø.

Sunday, August 27, 2006

Sommaren med godjenta

Hei Marte!
Farfar og farmor syns det var så flott at me kunne få treffa deg så mange gonger i sommar! Det var fint å plukka blåbær på hytta ikkje sant? No har eg og farfar plukka masse blåbær

slik at du og dei andre kan få syltetøy og dessert dersom de kjem på besøk. Men det er berre om sommaren du kan få "busk" slik som på bildet. Og det er om sommaren du kan dra på padletur og badetur og sykletur og fjelltur. Du var jammen tøff!


Ser du jenta som lurte seg inn i farmor si hytteseng så fort så fort! Dette er nok tidleg om morgonen før du har fått på deg klær.

Og så kom du til Asker og fekk prøva kjelken og posen til dokka som bur på loftet. Litt liten pose, men akkurat plass til Marte sine føter!
Til og med på restaurant med mosto fekk du vera med. Hugsar du mosto og alle dei gamle damene som blei så glad då du kom inn på sjukeheimen og sa hei! Me skal til mosto i morgon og drikka kaffi, men då trur ikkje det blir små jenter der.

Du slapp å ha på deg OL-genseren som farmor hadde strikka. Det var for varmt i sommar, og så vart han jo så stoor! Men når genseren er blitt passe, og det er blitt haust, då kjem babyen og Marte blir storesøster. Eg trur nok pappa må rekka å bli 30 år først. Kanskje kjem farfar og farmor ein tur til Førde for å sjå babybroren eller babysøstera, og kanskje kjem alle i Førde til oss og feirar jul. Det blir kjempebra! Kan du forresten helsa til mamma og pappa og sei takk for dei flotte blomane som blomstermannen kom med i dag?

Sunday, August 20, 2006

Bursdagsfeiring i Gabriel Scotts rike


Me var så heldige at me blei inviterte i Terje (Bjelland) sin 60-årsdag. Saman med omtrent 20 andre av familie og vener feira me dagen på Høvag prestegård. Mykje regn siste døgeret hindra oss i å sitja til bords under epletrea i den flotte hagen, sjølv om det eigentleg blei fint ver til sist. Men huset var også flott og gammalt (ca. 115 år?), men pietetsfullt nyoppussa! Her ser me Terje i det fine kjøkkenet i Gabriel Scott sin barndomsheim.
Faren til Gabriel Scott var prest her, akkurat som dottera til Terje er det no. Kathrine tok oss med på omvisning i området og inne i kyrkja. Der måtte ho på med prestekjole slik at me kunne sjå at ho verkeleg var ein skikkeleg prest. Snora blir knytt forsiktig rundt Terje sitt enno ufødde barnebarn.


Me overnatta heime hos Terje og Kirstin i Søgne, og søndags føremiddag blei det tid til ein smak av sein sommar ute på dei sørlandske svaberga i Søgne, før me tok toget(!!) heim til Asker.

Sunday, August 06, 2006

Eigen avling

Berre til opplysning: i dag har vi hatt dessert av eigen avling! Like deler rips og solbær blei passe til to. Vi kan dessuten rapportera at vi har like mange stikkelsbær til ein annan dag. To eple (som har falt ned) og ca. 10 plommer. Det er vel ikkje verst til ein begynnelse. Eller ny begynnelse. Vi syns det var trist å sjå den frodige frukt- og bærhagen vår i Kviteseid bli nullstilt. Alt bar rikeleg i vår tid, men no er trea og bærbuskane nede og heile tomta endevendt. Jaja, vi forlet det jo frivillig............

Saturday, August 05, 2006

Innflytting i Mandal

Tirsdag morgon kl. 9.00 var me i full gang med å lempa alle sakene til Johanna og Agnar frå flyttebilen og inn i det (nesten heilt) nye huset deira i Mandal. Avbrutt av intense regnbyger, men Agnar og svigermor rakk å hiva seg i flyttebilen attende til Stavanger og få levert den i tide. Agnar rakk også toget tilbake og kom omtrent med dei første verflyktningane. Inge og Kariann og Marte sat under eit tre i parken i Kristiansand i pøsregn og grua seg for å slå opp telt for natta. Dermed havna dei også i Mandal, og det trur eg dei var glad for når dei såg det enorme lyn- og tordenveret som blei den natta. Så fekk dei også bli med i komiteen som skulle montera nye møblar og vaska opp og rydda ut av kartongar. Og sim-sala-bim så var masse kartongar og eit tomt hus blitt til ein heim!

Friday, August 04, 2006

Storfamilien Aasland

For 21.gong samla fire brødre Aasland (nesten) alle sine etterkommarar til ei helg på slektsgarden Åsland i Bamble. Alt var som det skulle vera: Stor feiring av 70-årsdag, 60-årsdag, tre førtiårsdagar, ein tredveåring osv. osv. Bading med eit overhendig regnver og grilling og kubbespel. Nytt av året: Kultur- og natursti, samt vandring til ei nedlagt gruve. Og skrekk og gru: Det året utedoen var borte gjekk kjelda tom, så nærare 30 stod uten vatn og do! Men Forresteren fekk kjøra vassfrakt seint på kveld og tidleg morgon, så tannpuss og kaffivatn blei redda. Overnattingskapasiteten blei i år pressa til ei yttergrense, og når tre nye er på veg inn i familien mens seks ikkje kunne komma i år, så kan det sjå ut til at dette er siste året vi kan møtast på denne måten. Ein flott innsats av Lars og Heidi som har halde huset ope for oss i alle desse åra!

Wednesday, July 19, 2006

Ferie!

Hittil har vi feriert i utlandet og Vestlandet, til fjells og på vatnet. Bildene er frå gamlebyen i Lübeck og den store nye brua frå Sverige til Danmark.
Det har vore ferien uten internett, men med sandalar og shorts. Kjempefin 60-årsdag i Wendels hage,fantastisk tur til Gaustatoppen med Inge, Kariann og Marte og ditto padletur på Telemarkskanalen med dei samme pluss Per Helge og Elisabeth. No sit eg utfor min gamle arbeidsplass, Kviteseid folkebibliotek og koblar meg til trådlaust nettverk før vi drar til Astrid på Flatin for å få suppe og ein dusj.