Tuesday, September 26, 2006

Damer på by'n

Det er ikkje så ofte eg er med på å feira 91-årsdag, men no i helga kom Magnhild og Bjørg Eli ifrå Bergen for å feira mosto. Så her er me altså på Bølgen & Moi på Høvikodden. Legg merke til dei flotte porsjonane våre, mens mosto nøyer seg med kjøttboller i pasta. Men gravlaks til forrett og sjokolademiks til dessert var heller ikkje å forakta. Etterpå gjekk me heim og kvilte middag før me gjekk over til kaffi og kaker.



På søndag gjorde eg og Magnhild ein tapper innsats for å finna ut kor Guro befinn seg akkurat for øyeblikket. Ikkje før var Guro i Vinje kommen heim før Guro i Bergen la ut på jordomsegling. Dvs. segling er det visst lite med, ettersom det for tida dreier seg om den transsibirske jernbanen. Me fant Irkutsk, Guro, og veit at du no er kommen omtrent til Mongolia. Dersom du kjem til hovudstaden i Mongolia og høyrer nokon snakka norsk, så kan det fort vera ein av barndomskameratane til Agnar og Inge. Jan Tore Foldøy (og kona hans) er stasjonert der som flyver for MAF (misjonsfly). Guro rapporterer på sin blogg, men minuset er at ho reiser med ei engelsk veninne og skriv alt på engelsk. Eg skal no prøva å kommentera på norsk. Dei har tenkt å reisa i eit heilt år med litt veterinærjobbing underveis. Ho skriv om svette forhold og lite vasking på alle på jernbanen, og det tenkte eg på i gårkveld då eg var ute på stavgangstrim med tjue svette damer. På slutten lukta det nok omtrent som i Sibir.
Elles brukte me litt av søndagen til å høyra på små videoopptak. Per Helge spelar påskesalme på glass, Ida Kristin og jentene til Jan Gustav helsar til mosto, og ho les høgt på høstfesten på sykehjemmet. Angra på at eg ikkje hadde med og gjorde eit lite opptak på søndagskvelden då me var på sangkveld på menighetshuset. Gamle salmer, mange flotte stemmer og stor sangglede gjorde det til ein opplevelse!
Elles ventar me kvar dag på Israelsbillettar. Onsdag 4.okt. drar me, så det er rimeleg å tru at neste blogghelsing kjem frå Jerusalem. Det blir spennande!

5 comments:

Anonymous said...

Har du adressa til Guro si side?

jorunn said...

Til høgre på sida skal det vera link til Guro ute i verden (under din). Forøvrig er det guroandcaroline.blogspot.com

Anonymous said...

håbe dokk får ein kjempefine tur te israel! glede meg te å lesa oppdatering og se bilder derfra.

Agnar Aasland said...

Sjå der oppdaga eg enda fleire blogger ja.....
Og du har klart å få endra bildet på profilen din! Imponert!

Anonymous said...

Håpar at de har det fint i Israel!De må prøve sånne store lefser/tynne flate brød som dei steiker i gamlebyen. Kanongode!!