Farmor trur du likte deg ekstra godt på trappa med pappa og farfar. Gøy å vera ein av gutta!
Og så var du flink å gå lang tur så me kunne sjå dei store traktorane!
Tusen takk for brevet du sende til oss med kunsten du hadde laga i barnehagen. No har me hengt han opp attmed teikningane til Marte.
No har farfar nettopp hatt bursdag, og dette bildet er teken på bursdagen hans. Då fekk han ikkje ei einaste sjokoladekake, men han fekk sjå på ein flott foss, og så snakka han deg og Isak og Marte i telefonen, og med pappane, og så med brødrene sine. Det syns han er like godt som sjokoladekake. Men han fekk to presangar med ledningar på, så dei kan han leka seg med.
I morgon har onkel Per Helge bursdag, og då kan du kanskje snakka med han. Han blir 28 år og er nesten vaksen, men han er minsteguten til farmor og farfar, og så blir me litt redde for han når han reiser langt på sjøen i ein slik liten kajakkbåt som han padlar i saman med farfar på bildet. Kanksje han kjem heim og får kake og pakkar han også når han har bursdag. Han har fått ein pakke med ledningar, han også.
Og så var du flink å gå lang tur så me kunne sjå dei store traktorane!
Tusen takk for brevet du sende til oss med kunsten du hadde laga i barnehagen. No har me hengt han opp attmed teikningane til Marte.

2 comments:
Hei, og takk for sist. Eg synes dei passar godt i båtane eg. Neste gong får me ta ein tur, Jorunn!
Bjørg Eli
Eg syns også det ser bra ut med kajakktur på Innværfjorden no i pinsa. Men Per Helge skreiv i melding at han no sist helg skulle padla til Espevær med kolleger, og då såg eg han for meg på den eine "sletta" etter den andre. Vel tilbake så viser det seg at dei først kjørte bil til Søra Bømlo. Så då blei det berre passe tøft, og moro var det visst.
Post a Comment