Sunday, March 08, 2009

Våren i Gamle Drammensvei....................


På eit vis kan ein jo sei at det er lyse utsikter når ein ser ut stoveglaset, men vårfornemmelser gir det ikkje! Det er såvidt råd å åpna terrassedøra på gløtt, men det blir lenge før kaffien kan nytast utandørs. Ikkje rart ein stakkars mann føler seg liten i sin kamp mot naturkreftene. Når ein ser ut kjøkkenvindauga på andre sida av huset, så er det ikkje så mykje trøyst å få der heller. Det einaste måtte vera at naboen ikkje slepp så lettvint unna han heller: Han har to bolighus samt div. små uthus å halda styr på. Eg er glad eg snart skal pakka sandaler og solhatt og dra til varmare land. Men slik det ser ut no så blir det over jonsok før me ser snurten av krokus og påskeliljer her heime!





2 comments:

elisabeth said...

her e krokusane og snøklokkene allerede på god vei. veldig stas. misunne dokk ikkje så veldig (sjøl om det e gøy med vinter og). e klar for vår her vest nå.

Per Helge said...

Wow! Eg høyrde rykter om mykje sno, men eg hadde nesten gløymd korleis MYKJE sno ser ut!