Sunday, May 04, 2008

"Vi over 60"


Torunn har fylt 61! Sjelden har vel ein 61-årsdag blitt feira så grundig i tri heile dagar til ende. Variert vart det også då fem Bømladamer samla seg på Bud frå 1. til 4.mai. Ikkje minst spelte veret på lag med oss. Og naturen! Eg var så heldig at eg sat ved sida av eit ungt par frå Nederland i flyet då me tok oss over Romsdalsalpane i strålande solskinn. Eg var stolt over at eg i alle fall var norsk! Maten var heller ikkje å forakta for oss som berre sette oss til veldekka bord. Fiskesuppe og bacalao og lammesteik! Trur nok vertskapet hadde forberedt seg i dagevis. Godt Torunn har ein trugen assistent og kjøkkenskrivar.


Inne og ute var det godt å vera. Me fekk til og med med oss ein tur på hytta på Skaret. Vassa i snø med bacalao som heldt på å havna i snøfonna. Om kvelden fekk me diskutert nokre av livets store spørsmål - og mange små! Dersom det har komme nye synspunkt til så er det berre å melda frå så skal det bli notert som eigne punkt på livs- og pensjonists-meistringslista. Me er vel litt betre rusta no eller kva? Heimearbeidet må me gjera kvar for oss.
Handleturane var eit kapittel for seg. Smykker og toppar og lys og bordpynt av ymist slag. Til og med ein bordløpar berre "måtte" Ellen ha. Passa han bra?

Kveldane i "Vikjen" var gylne. Sol på terassen til seint på kveld og eventyrlege solnedgangar. Kan damer i 60-årsalderen ha det stort betre? Eller kva seier de andre? Takk for meg, i alle fall!

4 comments:

Anonymous said...

Jo, løparen passar perfekt i stova! Den dama kan veva, så ver om dåke og kjøp av hennar produkt de andre også!
Kjempefine bilete du har lagt ut og som vanleg treffande og gode kommentarar. Bra levert!
Ei av dei over 60

Anonymous said...

Kjempebra, Jorunn! Er ikkje dei over 60 flotte så veit ikkje eg! Kjekt å sjå og gjenoppleva stemningane. Me lever lenge på dei.
Ha ei fin pinsehelg på hytta.
Den eldste av dei unge.

Anonymous said...

I dag er sengetøyet de etterlot dykk teke av snora friskt og innbydande, og klart til ny bruk.Håper de snart vil bruka dei att - mange "viktige og uvktige" spørsmål manglar enno svar. Veldig fin "minnebok" du har laga, Jorunn!
Vertinna på 61

Anonymous said...

Kjøkkenassistenten synest du har laga ei flott oppsummering av helga. Fine bilete, og så skriv du så godt og levande.Eg var også heldig som fekk vere saman med dykk. Det er så godt når me over 60samlast. Så er de fire ikkje berre Torunn sine vener, men også mine. God pinse og hels Knut!