Monday, May 14, 2007

Fest for og med gamle venner!


Vi festar stadig vidare, og denne gongen var det Jan som hadde sin store dag. Saman med Marit og fire flotte barn var Jan eit godt vertskap på menighetshuset på Nesodden.

Som de ser av bildet her, var det dekka til mange gjester. Mange var ukjente, andre såg me for første gong etter 30 år, så det var godt å finna gamle venner som Terje og Hans. Dei har også feira stort det siste året.
Programmet var godt og allsidig. Ikkje minst då Jan kom fram med dagboksnotatane som faren hadde gjort seg den dagen(og dagen etter) at Jan blei fødd. Maten var godt, og kakebordet berre fantastisk! Det var Marit som hadde pynta alle dei elleve kakene.


Saturday, May 05, 2007

Gleder som livet gir

Det hender eg tenkjer på kva som gir livet glede. Slik også denne siste veka. Om ein ferie tenkjer eg ofte at den er god dersom eg har opplevd natur, kultur og fellesskap med andre menneske, fordi det er dette som gir livet verdi. Så kan definisjonen ofte bli litt romsleg. Dagen i dag begynte med at eg bestilte teaterbillettar; "Markens grøde" til oss sjølve og "Til døden skiller oss ad.." som bursdagspresang til Jan (og Marit og oss her i huset) Han skal me feira neste laurdag. Sist veke var det Arve og hans Marit me tok med på "Spelemann på taket". Hans sekstiårspresang, og ein fantastisk forestilling! Dette er ein god kombinasjon av kultur og fellesskap med venner. Sist søndag hadde me ein god kombinasjon av natur og vennskap. Då sat me i time etter time i ro og god drøs ved den wendelske stranda i Holtevika i Kviteseid. Åsa og Olav sat med. Ingen hadde travelt, og veret og naturen var flott. Ein gyllen time eller to. Mange gamle kjente slo også av ein prat på vegen ut dit. (Eit lite skår i gleda er det naturlegvis å sjå kor flott dei har fått det dei som har bygd der me fyrst rydda oss hyttetomt!)

Og jammen slo Åsa til med middag for sju på 1.mai, og det i eige hus. Kjøpt etter å ha budd det inn i snart tjue år. Godt for oss at det fins bufaste med åpne dørar på Kvitsund. Me gler oss til din store fest i juni, Olav! Knut lurer på om han rekk å vaske og stryke bunadsskjorta mellom alle festhelgane. For øyeblikket kavar han med ni (!) skjorter som skal strykast, og ber meg helsa at han ynskjer seg tilbake til den strykefrie perioden.....

Elles har det gått mykje i natur i dag. Hagestell med plantekjøp og planting, samt hausting av den fyrste rabarbraen. Det blei både suppe og dessert. Øvst på sida ser de litt av planteresultatet. Me gløymde å spørja kva desse blomane heitte. Hadde ikkje hatt dei før. Kan nokon hjelpa oss med det? (Dobbeltklikk på bildet så får du det større). Elles er det fint å få innspill om gleder. Kanskje du kan prøva deg på det, Ellen Katrine? Er ikkje sikker på kor barnebarn skal kategoriserast, men du må gjerne bringa dei på banen. Og Åsa, over til kulturen: Kva var det ho heitte, den boka du anbefalte der ved stranda?

Ps. Ei ekstra uventa glede å bli med på samtalegudsteneste med Kviteseidkonfirmantane. Verd ei ekstra omtale, men det må bli ein annan gong!

Pps. Litt barnebarn må eg ha med. Dersom lukka står meg bi så vil du her finna ein liten filmsnutt med Marte som deltar på Kyrkjelydshuset i Førde. Innslag på Vestlandsrevyen 2.mai