Friday, January 12, 2007

Agnes og Agnar - samt andre bursdagar

I dag, 12.jan. 2007, ville det ha vore mor Agnes sin 90-årsdag om ho hadde fått leva. Ho fekk berre feira ei jul med barnebarn. Her er ho med Agnar på fanget jula 1975. Agnar fekk namn etter henne så godt me fekk det til (godt me ikkje venta til me fekk ei jente!), og han har bursdag berre to dagar etter henne. Så på søndag fyller han 32, og det får han feira heime på Sørlandet, sjølv om det slett ikkje var meininga. Me gratulerer på forhånd! Det er fleire me har feira og gratulert på forhånd dei siste vekene. Det har ikkje akkurat vore landliggje på oss sjølv om jula var over. Førstemann som feira stort var Oddbjørn i Oppdal. Me var av dei heldige som saman med mykje familie og venner fekk vera med på stor fest på misjonsssenteret på Oppdal. På bildet kan de sjå barnebarnet Silje plassera krona på heidersgjesten. Me er stolte og glade over å kjenna deg, Oddbjørn, og etter å ha høyrt alle dei flotte og personlege og morsomme talane, skjønar me at du har vore og er til glede for svært mange. Ikkje minst for dine eigne som me hadde gleda av å treffa også dagen etter. Det er koseleg med dei gamle Kvitsundvennene som me levde så nær i ei spesiell tid.
Turen opp og ned for oss gjekk med tog, og spesiell turen oppover var fantastisk med sol over kvite fjell og vidder. Ei glede etter all den grøne vinteren. Kvitt var det også på Haukeli då me kjørte der til neste 60-årsdag helga etter.
Randi er den første av fem barndoms(ungdoms)veninner som i år skal fylle 60. Tilsaman har vi fem fjorten søner og ingen døtre, og Randi sine tre bidrog sterkt til ein kjempefest på bedehuset (grendehuset?) på Innvær. Det var fint dekka til rundt tredve gjester og alt gjekk lenge etter planen. Men på eit punkt kom ting litt ut av (Randi sin) kontroll. Minstemann Per tala til mor si og fortalde kor glad han var i henne, men minst like mykje i ei anna. Deretter gjekk han ned på kne og fridde til jenta han hadde med seg!! Sjelden har vel eit frieri hatt stort publikum. Men ho sa Ja! Takk for fin dag, Randi, sjølv om du kom litt i skuggen i ein periode av selskapet!

1 comment:

Anonymous said...
This comment has been removed by a blog administrator.