
Før me hadde fått pakka opp festtøyet frå barnedåpen i Førde kom meldinga om at onkel Bigg sine dagar var til ende. 88 gode år fekk han, men så var det plutseleg slutt. Eit ublidt møte med ein bil som kom imot på glatta sende han på sjukehuset, og så, etter to dagar, ville ikkje hjarta hans meir. Me er glad for alle smil og alle kaffekoppar me fekk dela.

Samtidig får me feira nye generasjonar. På søndag blei Isak døypt i Førde kyrkje, og familie og venner hadde gjort tapre forsøk på å ta seg fram med private og offentlege kommunikasjoner.
Det kan forteljast mange historiar om dette. Kanskje Per Helge har noko om det på sin blogg. I ein periode mens han venta på flyet var flyplassane stengt både på Sola, Flesland, Vernes og Gardemoen, så det tok si tid å komma sine vegar. Andre kom fram, men havna rett på sjukehus! Likevel blei det tilslutt fest og glede. Det var dåpsgudsteneste med ni barn som blei døpt og som opplot sine røster, også Isak(sjå biletet!) som var sist i rekka.

Mandags morgon pakka me dåpskjole og vogge inn i Subaru'en og kjørte over Filefjell, klar til å ta imot eit nytt barnebarn lenger sør i landet.

Stas å få stilla tre generasjonar Aasland opp på rekke.