Wednesday, November 08, 2006

Dette er Isak og Marte!



Slik såg han ut første gongen me såg han på sykehuset i Førde. Me sette oss på eit Widerøe-fly rett vest i tåkehavet og landa der etter tredje (og siste?) forsøk søndag ettermiddag. Marte og Inge venta oss ved sjukehuset og tok oss rett opp for å sjå "broren" eller Isak som Marte alt har lært seg å sei. Ho var ei omsorgsfull og kjærleg, men også litt tapper storesøster. Mor og baby var i forbausande god form, så måndag kveld kom dei heim til Rennekleiva, og alt tysdag føremiddag var vi alle ute på tur med ny tvillingvognMarte var tillitsfull med ein gong og let farmor både stella og leggja seg, berre ho hadde "bille på sig!" Det var fint å treffa dei alle, og no gler oss berre til både dei og dei andre kjem til jul.

2 comments:

Anonymous said...

Kjekt å få sjå bilde! Kven likna han på???

jorunn said...

Tja, det er me ikkje heilt sikker på, men meir lik faren sin enn Marte var