Sunday, August 20, 2006

Bursdagsfeiring i Gabriel Scotts rike


Me var så heldige at me blei inviterte i Terje (Bjelland) sin 60-årsdag. Saman med omtrent 20 andre av familie og vener feira me dagen på Høvag prestegård. Mykje regn siste døgeret hindra oss i å sitja til bords under epletrea i den flotte hagen, sjølv om det eigentleg blei fint ver til sist. Men huset var også flott og gammalt (ca. 115 år?), men pietetsfullt nyoppussa! Her ser me Terje i det fine kjøkkenet i Gabriel Scott sin barndomsheim.
Faren til Gabriel Scott var prest her, akkurat som dottera til Terje er det no. Kathrine tok oss med på omvisning i området og inne i kyrkja. Der måtte ho på med prestekjole slik at me kunne sjå at ho verkeleg var ein skikkeleg prest. Snora blir knytt forsiktig rundt Terje sitt enno ufødde barnebarn.


Me overnatta heime hos Terje og Kirstin i Søgne, og søndags føremiddag blei det tid til ein smak av sein sommar ute på dei sørlandske svaberga i Søgne, før me tok toget(!!) heim til Asker.

2 comments:

Anonymous said...

Eg er veldig stolt av mine foreldre som, miljøbevisste som få, tar toget og annen offentleg transport. Sjølv på lengre avstander.

jorunn said...

Tja, eg hadde eigentleg tenkt å laga ein sak på det å reisa kollektivt. Det er nemleg ikkje så enkelt som folk vil tru..........