Monday, June 19, 2006

Littera-tur til Det blide Sørland


Fire litteraturdamer reiste med bil til Sørlandets hovedstad for å testa ut ferieparadiset til Torun som hadde forberdt det heile perfekt, til og med veret! Me fekk mykje med oss oss på få dagar: Lange måltid utendørs, vandring bl.a. til ei nedlagt gruve i nærområdet og til og med bading tidleg søndag morgon ved bryggja. Før frukost og i kjølig og overskya ver.

Og så var det byen med gatevandring, is og kaffe på (i?) Markens, fiskesuppe på fiskebrygga, men først og fremst ein flott konsert i Domkirken laurdag kveld og Mozarts kroningsmesse søndag formiddag. Meir enn stappfull domkyrkje med 1500 sitjeplassar er det ikkje ofte ein opplever. Kyrkjemusikkfestivalen er vel verdt eit besøk!
Det einaste som fall på steingrunn var mine velmeinte litterære anbefalinger. Akkja, håper det går betre med Thomas Mann etter ferien. Moro var det på Sørlandet, i alle fall!

1 comment:

Anonymous said...

Flott du har kost deg i Kristiansand. Sørlandet er bra. No kan me snart invitere til badeferie i Mandal!
MEn viss Fam Aasland avd. Stavanger/Mandal skal vere med å bestemme storfamilietur, så blir nok kyrkjemusikkfestivalen nedstemt:-)