Sunday, May 28, 2006

Oppussingsprosjektet er over


Det er enno ikkje klart for interiørbilder, ettersom me no, etter to og ein halv månad er tilbake til utgangspunktet: Kor skal møblane stå, og bildene hengja? Innimellom har det vore stor aktivitet med riving av vegger, maling av vegger og tak, samt det store, siste prosjektet som var å få lagt ny parkett på golvet. 1/2 tonn parkett, 0,1 tonn avrettingssmasse, fleire malingboksar og diverse nytt utstyr måtte til. Mange turar fram og attende til Clas Ohlson, ByggMakker og Sem Trelast. Lite blod (derimot store mengder blåmerker!) og få tårer, men mykje svette har gått med. Lite nattevåk, men mykje grubling og spekulering, og studering av brosjyrer og bruksanvisningar i alle vinklar. Det har teke på og kosta oss opp mot 15 kilo i vekttap (delt på to). Innimellom måtte me skaffa oss ny støvsugar, nytt kjøleskap og, pappas store stolthet, ny varmepumpe til oppvarming av stova, som no er blitt større. Me har vore i konfirmasjon og planlagt bursdag, og sånn ein gong i blandt, har me vore på jobb. I morgon reiser me vestover for å feira sekstiårsdag og 25-årsdag og 31-årsdag, og kva me no kan finna på. Så kjem me friske og opplagde attende, klar til å ta fatt på bunken med møbelbrosjyrer og interiørblad. Det blir vel ikkje så stor forandring til det store mannsselskapet neste helg, men no er det i alle fall god plass.

Thursday, May 25, 2006

Gupu, regnjakka - og den store verda


Det er første gong på mange år at me ikkje er på Kvitsund på jubileum på Kristi Himmelfartdag. I år blei det Gupu på oss. Gupu er eit gammalt bruk inne i Vestmarka, og her får ein servering i helgane. Ikkje minst har dei ei fortreffeleg sjokoladekake som nok desverre er farleg full av kaloriar. Ofte rekk køane til langt ut på tunet. Til Gupu kjem me når me kjører bil i fem minuttar og så går ein times tid innover. Men det er også andre turvegar dit, frå ulike delar av Asker og Bærum. No har det regna mykje og i mange dagar, så me putta regntøy i sekken sjølv om det var opphald i dag. Regnjakken eg fann var fin og ny og slett ikkje min, så eg sende ei melding til to svigerdøtre og til Randi Hernes. Kanskje nokon sakna jakken sin? Så drog me langt inn i skogen der det ikkje var så mange i dag. Men til sjokoladekaka på Gupu tikka meldingane inn: Først regnversrapport frå Indre Sogn på eit dertil passande sognamaol, deretter på rogalandsdialekt, men sendt frå Trondheim. Like bak kom melding frå Randi, ikkje frå nabolaget slik eg trudde, men sendt frå Houston, der ho jobba ved datamaskinen i 30 varmegrader! Den vide verda inn i stovene på Gupu. Men jakka ville ingen vedkjenna seg. Då me skulle til å gå kom det to professorar inn døra. Den eine var den 94 år gamle filosofen og fjellklatraren Arne Næss. Me har sett han som sprekingen mot Mount Everest, men no strevde han med å komma inn dørane. Den motoriserte trehjulssykkelen stod utanfor, og ved si side hadde han fysikkprofessor Øyvind Grønn som Knut har stor sans for. Regnver blei det lite av, heldigvis, men me måtte forsera ein del mindre innsjøar for å komma oss velberga heim, denne gongen ein liten omveg. Det er elles ei flott tid å gå ute i skogen på. Både fuglar og blomar og folk til fots, på sykkel, med barnevogn eller til hest, lyste opp mellom trea.






















PS! Vel heimkommen melder Per Helge at det antakeleg er hans regnjakke!

Wednesday, May 17, 2006

Om å bli invitert - og takke ja!

Det er fint å bli invitert! For fire år sidan var vi heilt nye i Asker og var svært glad for å få ein invitasjon til 17.mai-lunsj hos familien Hagemo. I dag har vi vore der for femte gong, og det er ein hyggeleg tradisjon. Mykje god mat (spleis), lystig og nasjonal sang, og ikkje minst mange koselege folk omtrent (svært omtrent) på vår alder. I dag blei det for første gong innever, men det blei sikkert plass til førti rundt borda. Eg var så heldig å få havna inne i ein bokkrok, saman med to andre bibliotekarar. Det er ikkje ofte.
Men me har fått andre invitasjoner denne våren: Konfirmasjonen til Ida Kristin var me med og feira med brask og bram sist søndag. Her ein dag dumpa det ned ein koseleg liten konvolutt i posten. Åsa skulle feira sin 60-årsdag med stort hageselskap i juli, og me er inviterte. Me vil gjerne komma, Åsa, og jentene dine skal få beskjed. Smart å ordna seg med arrangementskomite! Den årvisse invitasjonen til jubileumsfest på Kvisund har me også liggjande. Men i år kan det henda at me lar den liggja til fordel for eit større oppussingsprosjekt her i huset. Godt me ikkje skulle ha gjester i dag. Likevel - hipp hurra for 17.mai!