Monday, February 27, 2006

Marte har 1-års dåpsdag og OL er over



Gratulerer med dagen, Marte! Tenk at det er eit heilt år sidan du hadde på deg den gamle brudekjolen min og blei døypt i namnet til Faderen og Sonen og Den heilage Ande. Du var mykje forundra og storøygd denne dagen. Det syns farmor at ho så tydeleg hugsar. Mykje folk og ståk og styr og vanskeleg å få sova i fred. I dag spring du omkring og har feira dagen med kontroll på helsestasjonen saman med pappa. Men kanskje har dei hugsa å tenna dåpslyset ditt også.

OL-genseren din er nesten ferdig. Manglar berre broderi og damping, men det har visst inga hast. Eg trur han blir passe stor til hausten. Men strikketøyet passa godt til dei mange uendelege OL-sendingane og alle gullmedaljane me ikkje fekk. Mange blei spurt om sitt beste OL-minne, men eg blei desverre ikkje spurt. Difor må eg fortelja det ubeden. Det var ikkje då me fraus oss mesten skakke under prøveomgangane i kulekjøring på Lillehammer, men ein føremiddag mange år tidlegare. Per Helge og eg fekk boller og kaffe og saft hos Anne Mari og Karl Yngve då det blei kunngjort: "The decision is Lilli Hammer!" Per Helge på seks var kjapp i hovudet den gongen som no og kommenterte straks: "1994, mamma, det er det året du har tre tenåringar i huset! "

Berre så eg visste det, så kom det til å bli eit sterkt år!

Thursday, February 23, 2006

Vinterferie i Åsgrend!



Fire flotte dagar med kvit snø, blå himmel og strålande sol. Ser de sporet på taket av hytta? Det er Knut som har sjekka om det er noko (f.eks. snø) som stenger for røyken ut av pipa. Det var nemleg ikkje råd å få fyr i omnen då me endeleg kom inn til tre minusgrader etter å ha vassa i 80-90 cm laussnø frå bilen. Men då me opna luka inn til skorsteinen såg me grunnen: Inne i skorsteinen var det store mengder snø som måtte lempast ut på golvet og så vidare ut i snøfonna. Det blei varme til slutt, og me fekk fine skiturar mot Skorve og i Håtveitgrenda i Morgedal. "Dei innfødde" må ha reist til Syden, for me såg omtrent ikkje ei sjel, endå så fine løypene og veret var. I Morgedal har me gått same løypene i snart 30 år, og det blir mykje mimring om tidlegare strabasar med gutane. Det var så laaangt og så bratt og glatt. Vottane datt av og skiskoa var for små. Men dei svidde pølsene var gode og kakaoen passe varm og god, og det samla seg mange kilometer på skikorta. Hopprenn med Bergkåsane var gøy, og snøholene var flotte med lys i. Når motgangen strøymde på så måtte me hugsa på å komma med smådesperate og oppmuntrande tilrop om at dette går så bra og dette er så gøy! Det er som å få eit ekko når eg no har dei der på telefonen frå kvar sin snølause vestlandsby: Du har vel skikkelege gamasjer mamma? og truger når snøen er så djup? Eg høyrer den snø- og skihungrige klangen i stemmene deira når dei misunner oss ver og føre. Så kanskje var dei mange strabasisiøse turane i Morgedal og på Vrådalheia og i Silkedalen umaken verdt. Dei blei glad i snø og ski og i Telemarksnaturen.
Før var me yngre og sprekare, men så fekk me heller ikkje den oppvartinga som blei oss til del hos Mosdøl på tysdag etter skituren: Store håndklede og varme dusjar, og deretter middag med dessert og kaffe med kake. Ragnhild og Hadle var der også og drøste med oss om stort og smått. Til slutt blei me med dei heim og fekk den nye boka som er laga med ei samling av historiane som faren til Hadle har skrive gjennom eit langt liv. Vel heime i Asker kosar me oss med den. Morsomt og levande!
Mykje for kropp og sjel har den korte ferien gitt oss. Ein nytelse også å lesa Frode sin berettelse i hytteboka.

Monday, February 13, 2006

Grå kvardagar i februar?

Ein vanleg måndag, men eit heilt uvanleg flott ver og føre i "Askerskogen". Glitrande snø og passe med kuldegrader. Men det var skummelt mange spreke pensjonistar som fauk forbi oss! Knut er fornøyd med sin gamle røde anorakk etter at me såg akkurat maken på Teknisk museum på søndag. Men han sørjer over den gamle lua si som er blitt borte.
Tirsdagen blei ikkje grå den heller. Veret blei grått, men på Askertun var det dekka bord med masser av roser og hjerter. Litt for å markera Valentinerdagen, men mest for å visa at dei sette pris på dei som var inviterte, nemleg alle i Asker menighet som deltar i frivillig arbeid. Dei tilsette hadde stelt i stand med god mat og muntert program. Og så delte dei ut roser til alle gjestene. Derfor fekk også vi kvar vår. Ein kveld prega av glede og takk blei avslutta med ein stor sirkel som markerte det felleskapet vi er blitt ein del av her i Asker.

Thursday, February 09, 2006

Litterære gleder


Fem bokglade og kaffeglade damer samlast til litteraturgruppe sånn omtrent ein gong i månaden. På dette bildet kan ein sjå Randi, Torild og Torunn som endeleg kan kasta seg over den store farsotten i det siste: Bøkene til Anne B. Ragde. Karianne er også med i samtalen, sjølv om ho ikkje er tydeleg på bildet. Ho ligg nemleg heime med ryggvondt og deltar via høgtalande telefon midt på kaffibordet. De ser vel dei fine japanske koppane?
Det er Torunn som er vertinne og som steller i stand i dag, først middag og deretter kaffe.

Neste gong skal me ta for oss Levi Henriksens Snø vil falle over snø som har falt. Men tru no berre ikkje at me hoppar frå den eine bestseljaren til den andre. Me har denne gongen vurdert opptil fleire Nobelprisvinnarar, deriblant Henrich Bøll og Harry Martinson. Men, som sagt, etter mange rundar med for og imot så blei det Levi Henriksen. Kanskje like greitt, ettersom fleire av damene skal på lengre utanlandsopphald før vi møtest hos Randi 30.mars.

Sunday, February 05, 2006

Venner som gleder





Ei helg med gamle Kvitsund-venner ligg bak oss. Ei helg med mange og gode opplevingar. 14 seniorar(eller kanskje til og med pionerar) møttest her i Asker for å mimra om gode, gamle dagar og for å "gjenoppfriska vår identitet" slik Oddbjørn uttrykte det. Det blei rikeleg med prat og med mat, men også ei stor fellesoppleving på Det norske teatret der me såg Dostojevskis Brotsverk og straff. Det var nok både krevande og seriøst og me er ikkje heilt sikre på om me fekk tak i heile bodskapen. Det gjorde me derimot under fleire korte bordtalar, og ikkje minst då Oddbjørn sette seg til pianoet og song ein sjølvskriven song om sitt liv med elevar og menneske.



Kontakten var der som før, og då natta kom blei alle krokar i huset brukt til overnatting. Ikkje akkurat hotellstandard, men litt søvn blei det vel på alle? Ellen Katrine og Dagfinn reiste heim til Kviteseid då det leid mot natt, for på familiegudstenesta i Fjågesund skulle ha både kor og orgelmusikk søndag. Tøft og tappert!
Me andre fekk med oss gudsteneste i Asker før Ellen og Oddbjørn la i veg mot Oppdal og Mosdøl og Hovda mot Kviteseid. Men Eriksen og Berkåsa blei med på ein siste liten utflukt i det sure og iskalde vinterveret. Me kjørte inn til Tveter Gård og fekk kaffe og kaker i ei av dei fine stovene der. Og no har meldingane komme frå Oppdal og Sørlandet om at ferdafolket er vel heimkomne på det ufyselege føret. I Gamle Drammensvei er det blitt stille og oppvasken er så liten at det ikkje er noko å bry seg med. I stova ligg enno tre forsinka bryllupspresangar! Om ein månad er det ordinasjon for Karl Yngve i Notodden, og me gler oss alt til å treffa ein del av folket igjen der.