Thursday, January 26, 2006

Farmorgleder





Oppe i Førde stabbar ei lita jente som nettopp har lært seg å seia HEST! I 14 månader har eg fått vore farmor til Marte som også har to andre yndlingsuttrykk, nemleg HEI og HA DET. I jula sjarmerte ho sine fire besteforeldre, seks onklar og to filletanter i senk. Men dei aller fleste dagane må me nøya oss med telefonrapportar og bilete.
Eg hadde bestemt meg for at dersom eg blei bestemor så skulle eg straks ta opp ein gammal fritidssyssel, nemleg håndarbeid. Eg trur det er meir enn ti år sidan eg gjorde stort meir enn å leggja opp ei bukse eller eit skjørt. Men dette året etter at eg blei farmor har eg strikka og til og med sydd! Dåpskjole vågde eg meg ikkje på. Den fekk eg sydd av min(og Tove sin) gamle brudekjole. Men dåpsluve sydde eg, ettersom huset her berre hadde ei gutteluve. Og jammen sydde eg festkjole då Marte skulle bli med i bryllup til Per Helge og Elisabeth i sommar. No er det OL-genser som er på gang.


Kvifor strikkar bestemødre og vordande mødre framleis? Når eg sit her, langt frå Førde, kjenner eg at det er trøyst i strikketøyet. Då føler eg at Marte er litt nærmare og at eg har henne på hendene og veit kor stor ho er. Kanskje kan eg også vera med på å bestemma korleis ho skal sjå ut ein og annan gong. Til så lenge. Eg kunne ha strikka til gutane mine også, men dei er blitt så store!

2 comments:

Agnar Aasland said...

Bra jobba, baade med strikking og blog!
Alt vel i Thailand fortsatt (se blog)

Anonymous said...

Bra du har kome igang med blog, så førdianarane kan følge med på det som skjer. Er det Marte som skal få OL genser?