TAKK FOR MEG!
Monday, February 11, 2013
Takk for laget!
Eg har ei tid annonsert at no er denne bloggen snart kommen til siste side. Denne gongen er det alvor, og eg vil takka alle som har fylgt og kommentert mine aldeles spredte tankar! Eg er kommen til ein ny fase i livet og dermed blir det naturleg å avslutta her. Men kven veit, kanskje vi møtest til eit nytt bloggliv om ikkje så altfor lenge? Til dess:
Wednesday, January 23, 2013
Historien om tre brødre og eitt piano/The story of three brothers and one piano
![]() |
| 1981 |
Dvs. minstemann syns det var godt nok så lenge det varte.
![]() |
| 1982 Og han har notar! |

Men storebroren hadde bruk for ein spelelærar, og jammen fekk han både det og ein medelev. Unge Ådne fanst i nabolaget, og Morten i nabohuset. Etterkvart blei det huskonsert med gjester, men ikkje før me hadde fått eit skikkeleg piano. Læraren sa ikkje stort, men vi syns nok vi merka at han ikkje syns så godt om det vesle orgelet. Lukka stod oss bi også denne gongen. Åse skulle ut til Afrika som misjonær saman med familien sin, og ho syns det var upraktisk å ta pianoet sitt med. Om me kunne passa på det ein fire års tid? Det kunne me absolutt, og då dei kom heim igjen, arva dei eit hus med eit mykje betre piano i, og så fekk me kjøpa det gamle. Og seinare har pianoet gjort teneste i meir enn 25 år. Mest av den eldste og den yngste, men då Inge var konfirmant stilte jammen alle tre gutane opp til ein liten konsert med klarinett, kornett og piano. Elles var det dei vanlege ettermiddagane oftast litt pianomusikk etter middag, før leksetid eller før sengetid. Dei siste åra som berre Per Helge var heime fekk me be om ein melodi før han gjekk til sengs, og då blei det oftast "Om kvelden når det mørkner og alle går til ro". Etterkvart kom åra då berre pianoet og ikkje gutane blei med på flyttelass både hit og dit. Litt blei det spela på i feriane, men mest blei det i jula når mange var samla. Og etterkvart var det neste generasjon som ville prøva å laga lyd. ![]() |
| Jula 2006 med Marte |
![]() |
| Jula 2008 med David og Isak |
| Jula 2010 med Emilie |
Subscribe to:
Comments (Atom)






