Sunday, September 09, 2012

Små ting er ikkje småting

Dagane mine er så fulle av alle ting som skal pakkast ned for eit nytt liv der vest. Stolar og bord, seng og skap. Greitt nok, men det er jo faktisk dei små tinga som skaper ein heim. Dei ser ikkje så viktige ut, men ofte er det her alle minna ligg. Eg pakkar forsiktig ned gondolane frå Venezia, porselen frå Meissen,krystall frå Budapest og Praha, kamelar frå Betlehem og kakefat frå Jeriko. Dei små glasfuglane frå Malta og dei endå mindre skilpaddene frå Tyrkia. Og alle englane! Gaver vi har fått eller ting vi har arva. Ingenting av dette er "nødvendige" ting, men eg har problemer med å gi bort, kasta eller senda på loppemarked slikt som det knyter seg sterke og gode minne til. Så kom vi til bøkene og papira då. Og bildene! Har pakka kartongar nok til å fylla eit rom, men det blir mange spørsmål: Skal vi kasta alle eksamenspapir og attestar no? Ting som ungane har laga som små? Dette som var livet vårt? Som eit "Marmorkort frå ein hemlig ven" Til slutt store stablar med russekort. Mest som ungane har samla frå den eldste var i stand til å be om det (og det var tidleg!)til den minste sjølv var russ. Mange med koselege helsingar bakpå. Og så våre eigne som er frå ein annan generasjon. Til slutt kom det aller eldste fram, og det ser slik ut:
Små ting er ikkje småting. Som eg skulle sagt det sjølv. Eg strevar med nytt oppsett for bloggen, men det ser ut til at eg må venta på fredelegare dagar så eg kan få setja meg inn i det. Då er det også kanskje tid for avslutta denne bloggen. Det kan jo henda at den gjenoppstår som "Vestlandspensjonisten".