Kaker til kaffien i dag. Og i går og i forgårs! Stadig restar som minner oss om det vi har opplevd den siste tida, både av gjester vi har hatt og festar vi har vore med på. Desse kakene med sterke fargar er frå ein barnefest på Askertun. Me syns det var melisen som smakte best!
Det har gått tett i tett med kulturelle opplevelsar etter nyttår, så er det stor fare for at noko alt er gått i gløymeboka, og det er dumt når eg har tenkt å ta ting fram igjen og kosa meg med det, så eg får prøva så godt eg kan. Kunstutstilling blei det ikkje før i februar: Kunstnersvoger hadde demontert snekkermaskinen sin og lagt delene ut på eit bord og vips (?) så blei det kunst, og utstilt på Skulpturbiennalen på Vigelandmuseet i Oslo.

Heile registeret av kulturelle opplevelsar har me fått med oss på halvannan månad. Frå opera (eller ballett) via (barne)teater og konsertar(ein jubileumskonsert med mange barnekor og ein korkonsert der så mange i koret var blitt sjuke at me berre fekk solistopptreden med sang, obo, orgel og flygel og det var berre fantastisk) , til foredrag og kåseri om dei mest forskjellige temaer som den nye bibeloversetjinga til primstaven og folkeeventyra sin betydning i "kunsten å være menneske". No på onsdag høyrde me om Flyktningehjelpen sitt arbeid i flyktningleirane i Darfur. Det høyrest ikkje så morsomt ut, men når det var vår gamle Kvitsundvenn Alfredo
I går kveld var me og såg ballettforestillinga Giselle i Operaen, etter bursdagsmiddag med Kari Anne på ein indisk restaurant. Operabesøket blei jo noko spesielt ettersom brannalarmen gjekk midt under forestillinga, og tusenvis av unge og gamle og kranke måtte ut. Litt ekkelt var det jo, men alt fungerte som det skulle, og det viste seg å vera falsk alarm, så etterkvart fekk me med oss resten av forestillinga som var veldig fin.
Når me får så mykje så tenkjer eg at me burde også gi litt tilbake. Me prøver jo etter evne.
Mens eg meg koste på det årlege bursdameselskapet hos Randi, så stilte Knut og fleire opp som konge på Helligtrekongersfest.
Bokliste kan bli sendt til dei som ynskjer det!