Sunday, January 22, 2012

og forresten så kom me oss ikkje til Innvær i romjula





men Emilie fekk helsa på husets frue med hund. Ho var litt betenkt, men elles trur eg ho likte romjula på Hollund ganske bra.Det kom to små tremenningar på besøk, og ikkje minst var det stas å springa rundt og rundt med Kristian, leka Bjørnen sover og sitja tilbords med mange andre og med nytt stolsete som slett ikkje kunne lånast ut til dei andre.









Saturday, January 07, 2012

Vestlandsjul... med vind og ver

Første etappe av vår julerundtur mellom fjell og fjord blei ikkje foreviga. Turen gjekk over Filefjell med overnatting på Røn ved Fagernes. Godt å starta på fjellovergangen frå morgonen. Det regna og var heftig glatt. Stort sett såg me berre bilar som hadde kjørt ut og venta på hjelp. Det hadde vore skummelt å møta nokon i dei bratte bakkane, men me "suste" lykkeleg avstad med nye og lette kjettingar og kom vel fram til eit Førde i vinterdrakt. Julaftans morgonen såg det slik ut når me såg ut av vindauga:
Legg merke til huskestativ og gjerde eit godt stykke frå elva



Slik såg det nemleg ikkje ut etter at storm og vind og regn hadde herja 1. og 2.juledag.




3.juledag rett før me reiste var vatnet på veg attende, og sjølv om me låg i kjellaren så vart me ikkje blitt våte på føtene.




Straumen var borte både titt og ofte. Ungane reagerte ikkje på stummande mørke, men eg stakkar, som er så avhengig av å lesa på senga, var lykkeleg for hodelykt!
Telefonane våre virka ikkje heller så lenge me var i Sogn og Fjordane. Ettersom vegen berre var open for fri ferdsel mot Bergen, så reiste me den vegen og fekk sjå litt av stormen sine herjingar. I Nordhordland møtte me snøen igjen

og i Sunnhordland var himmelen på sitt vakraste
og synsranda heimsleg

På tilbakevegen over Haukeli hadde me styrtregn og tåke, men me fant då fram til stoppestaden framfor alle gjennom rundt 40 år med bilkjøring mellom aust og vest



Tåka låg tett rundt Haukelisæter Fjellstove, men dørane var opne for oss, sjølv på ein første nyttårsdag. Nysnø og sol over snødekte fjell såg me derimot først då me hadde vår vanlege julekakestopp i Vinje. Der var som vanleg også det høgaste juletreet. Og heime i Asker var det berre så vidt me kom fram til døra fordi ingen hadde måka innkjørsla i jula!


Eit forunderleg og fantastisk land å ferdast i ei vinterveke rundt årsskifte 2011/2012.