Saturday, December 10, 2011

Jul i gamle dagar

"Alltid" i gamle dagar var det slik at me var samla med storfamilien på Innvær på julafta. Besteforeldre, gamletante Petra og gammalonkel Lars, foreldre og mange tantar og onklar, samt ei lita kusine. Trur dette må vera i 1953. Her er me komne til kaffibordet; elleve vaksne og fire små. Sjå berre kor fine serviettane står! Skal tru om eg har taus kunnskap nok til å bretta slike, eg og? Det var ikkje nødvendigvis berre enkelt å vera liten med så mange store. Me blei grundig oppdradd og kanskje også bortskjemt i jula.


"Mellom julene" som me sa, var det juleselskap med slekta på Hollund, både dei nord-i-garden, og dei sør-i-garden. Her var fleire søskenbarn, og juletregong var obligatorisk. Kan det vera i 1957?


Ein generasjon seinare er det tid for førstemann i neste generasjon å få feira si første julafta på Innvær. Jula 1975 er Agnar den som får all oppmerksomhet frå fleire generasjonar.
No, i 2011, er det kanskje både mørkt og kaldt på Innvær, men endå ein ny generasjon dukkar opp på besøk på Hollund. Kanskje tar me Emilie med til Innvær og tar bilde av henne ute i det vestlandske juleveret som er meldt! I så fall blir det vel eit lite blogginnlegg. God jul til så lenge!