Monday, November 14, 2011

Farsarven - I etterkant av farsdag og allehelgensdag


Det nærmar seg jul, og snart er det eit år sidan me tok eit siste farvel med far. Rett nok er det lenge sidan han hadde vore ein del av vårt kvardagsliv, men stadig opplever eg små milepelar av vemod nåreg passererer bursdag og farsdag utan at det er nokon å ringja til. Eit lys blei tent på allehelgensdag i år. Mot jul blir det ein mindre å tenkja ut noko til, ringja til og besøkja, slik eg har gjort dei siste romjulene. No har han for siste gong lagt av seg sjåførlua som han var så stolt av. I alle fall for oss ungane var buss-sjåføren ein større del av far sin identitet enn det at han jobba på fabrikken. Det kunne me sjå, og det gav han uniform, og det gav oss også små fordeler som gratiskort på bussen, og ikkje minst i dei åra eg reiste att og fram på gymnaset så var det viktig og godt. Då fabrikken feirte sitt femtiårsjubileum tok sjefane med seg ein utvald flokk tilsette på tur til Oslo. Og far fekk vera med som sjåfør på "blåbussen" endå han aldri hadde vore i Oslo før. Det var stas! I alle år sat han med billett-rekneskapet sitt ved dette skrivebordet. Førte skjema og talde ettøringar, toøringar og femøringar, og det skulle bokstaveleg talt stemma på øret. Gjorde det ikkje det så hende det at me måtte vera med og telja. Laga store stablar og fintelja. Både rekneskapet og teljinga gjekk bra. Berre ein gong kan eg hugsa han var borti ein annan bil, og sjølv om det var den andre sin feil, så måtte far teikna opp det som skjedde, og då var det at det skar seg for han. Han fekk det ikkje til (av ulike grunnar forstår eg han godt!); han kunne ikkje teikna. Men lukka var at Magnhild kom heim med ei veninne. Trur det var Mari Anne, og ho kunne teikna, og dermed var alle sorger slukt. Ein gong i året tok far bussen ut til privatbruk, og det var julafta. Me hadde god plass til pakkar og mat på veg til Innvær. Hugsar best turane heim i sein julenatt, kjørande berre oss fem i den store bussen gjennom ei stille bygd. Alt hadde vore som det skulle vera med pinnekjøt og brus og juletregong og pakkar. Spenninga var utløyst, og me kunne halda fast rundt det som hadde blitt oss til del mens me tusla inn frå bussen og til sengs. Mor gjekk ein ekstra runde for å sjå at ho hadde alt under kontroll til middagsgjester 1.juledag. For slik var tradisjonen, og riskrem skulle det vera til dessert. Ikkje jordbær, for det skulle me alltid få på julafta.

Dei fleste dagane var det likevel kvardag, og far gjekk på fabrikken. Ein einaste gong kan eg hugsa at han fekk eit eller anna slags "flonsa" og måtte vera heime ein dag eller to. Og så var det ein vinter han blei skikkeleg sjuk. Eg fekk ny kjole og nye sko til jul det året, og eg hugsa tydeleg mor som sa at no måtte me handla rimeleg, for det var ikkje sikkert far kom i arbeid meir. Han blei sendt til Haukeland og kom ikkje heim til jul ein gong. Men over nyttår hadde dei funne råd med det skyhøge stoffskiftet hans, og seinare kom han heim og gjekk på fabrikken igjen, kvar dag til han fylte 67. Veit ikkje kor glad han var i sjølve jobben, men han var glad i vera der folk var, så han kunne skaffa seg greie på "landsens leilighet" som han sa. Då fabrikken gjekk konkurs hadde han nettopp blitt åleine. Dei eldste måtte slutta, mens han fekk halda fram som eldstemann i enno fem-seks år. Eit langt arbeidsliv, og det som er igjen etter dette, er diplom og medalje for lang og tro tjeneste. Huset står igjen åleine og tomt og ventar på sin skjebne. Skal tru om onkel Hans har tenkt seg innom og setja adventlys i vindauga i år også?