Wednesday, July 27, 2011

Stille på biblioteket - roser i sentrum!



Det er lenge sidan det skulle vera stille på biblioteket. Derfor var det eit spesielt øyeblikk på mandag klokka tolv. Etter ei helg full av uverkeleg drama var eg på plass på jobb mandag morgon. Sjefen fekk på plass lys og ein enkel plakat på norsk og engelsk om eit minutts stillhet klokka tolv. Men korleis skulle det gå til? Med vårt publikum av barn i ulike fargar som ser ut til å bruka store deler av ferien til å bråka rundt på biblioteket, samt alle dei som sit ved PC-ane og som forstår lite av det vi seier til dei, dei litt slitne i aviskroken, dei travle husmødrene og pratesjuke pensjonistane? Så skjedde det eit lite under: Då Lasse kom og viste til klokka, gjorde samtlige teikn til at dette var dei klare for, og presis klokka tolv stod dei der oppreist og det blei heilt STILLE! Det stillaste og antakeleg mest spesielle øyeblikket i mitt bibliotekarliv. Alle aldrar, fargar og med ulik sosial status var på eit øyeblikk gjort om til ei gruppe sørjande nordmenn som viser respekt og opplever fellesskap.


Dagane rundt katastrofane hadde eg levd eit merkeleg dobbeltliv. Fredag då eg kjørte bil mot hytta,valde eg å høyra lydbok i staden for nyheter. Slik kom eg uforberedt fram til store og små som skulle sjå Tour de France på TV, men som i staden fekk inn blodige og skrekkelege nyheter. Dei måtte slå av, og me kunne ikkje sjå TV før etter sengetid, for med det enorme regnveret som var, måtte me stort sett vera inne i same stova, og desse bilda var ikkje for barn. Nyhetene fekk me i bilradioen på vei opp og ned til Korsvei, eller Jesus-Woodstock som det også blei kalla, med 3000 deltakarar busett i eit gjørmehav av ein teltleir der det i alle fall ikkje var TV. Prosten på Ringerike var ein av leiarane som måtte fort heim til meir presserande oppgåver, mens dei som blei igjen justerte programmet litt.
I Asker kom det også inn små som måtte skjermast og gjerne underhaldast. Men i gårkveld hadde eg huset og tida for meg sjølv. Og då var tida inne for å finna sin plass i rosetoget i Asker.
Rosene mine står for fall, men eg fant ei siste som var så akseptabel at ho fekk bli med. Ikkje så raud kanskje, men eg måtte jo ta det eg hadde. Og sjølv om liljene endeleg er fine, så kan eg vel ikkje ta dei? Det kunne eg nok, for når eg tuslar nedover ser eg folk komma sigande, til fots, på sykkel og i bil, med kjøperoser og hageblomar av alle slag. Og så står vi der, tett i tett på torget. Meir folk enn 17.mai, og folk av alle slag. Ca 5000 seier Budstikka. Gamle partiveteranar (trur eg) sit med bukettane sine på steinhellene rundt, og dei minste set seg rett ned på asfalten. Folk finn kvarandre i trengsla, piler gjennom folkemengda for gi ein ekstra klem til dei som treng det. Vi står der i ein heil klokketime mens Petter Nome losar oss trygt gjennom talar og vakker musikk. Så går det eit stille tog mot steinpyramiden der blomar og lys kan plasserast.

Det er så lenge sidan badeturen til Vollen på torsdag. Eg trur det må ha vore i eit anna liv.